mandag 28. mai 2012

Latife Tekin og statistikk

Bloggen har ein funksjon som heiter statistikk. Han viser sidene som vert vitja oftast. Latife Tekin leiar så absolutt, og det er eg jo svært glad for. Så difor publiserer eg ein liten sekvens frå boka som er både dramatisk og poetisk. Hundesnøen er den første snøen som kjem om hausten i store flak og Dirmit er jenta som er sentral i denne historia:

English: The blog has a funcion that shows how many persons visit the page. Latife Tekin is absolutely the leading lady which delights me enormously. I therefore publish another small sequence from the novel that is dramatic and poetic at the same time.  The dog snow is the first snow coming, in big flakes.  Dirmit, the young girl, is a central character in the novel.  Remember, the novel is already translated into English: "Dear Shameless Death"


"Men for annakvart steg ho tok, la hundesnøen seg som eit kvitt slør framfor henne. Han stoppa henne og spurte kvifor ho ikkje var glad over at det snødde. Dirmit fortalte alt om det som hadde hendt kvelden før. 'Kom med meg,' befalte snøen og kvervla sint omkring. Så tok han Dirmit i handa og leidde henne nedover ei lang, lang gate kanta med tre. Dirmit såg ei folkemengd som heldt hendene sine høgt, og ropte medan dei marsjerte i tog. Full av undring snudde ho seg til snøen. Snøen slapp handa hennes og forklarte at ho kunne kvitte seg med uroa si ved å blande seg med folkehopen og rope det ho var god for. Til å byrje med nøla Dirmit å bli med i ei mengd som opna munnane og skaka armane i slikt raseri. Men ute av stand til å temje lysta til å rope, slutta ho seg til ei av rekkene. Då ho såg seg rundt på alle folka som ropte, slo det henne at ho kjente ingen der. Mykje seinare vart ho overraska over å sjå ein av lærarane som aldri smilte og som alltid heldt seg for seg sjølv i pausane, midt i flokken. Med eit fekk ho lyst til å springe opp til han og finne ut kor og kvifor dei marsjerte, men var redd fordi ho hadde vorte med folkemengda i staden for å gå på skulen. I staden greip ho tak i armen til ein gut på sin eigen alder som marsjerte ved sida av henne. Ho spurte han kva dei ropte og kvar dei var på veg. 'For lærarane,' var alt ho kunne oppfatte, då resten av det guten sa, vart borte i brølet frå folkehopen.


Ute av stand til å finne ut kva dette hadde å gjere med lærarane, saumfor Dirmit rekkene etter sin eigen lærar. Medan ho glana rundt i forvirring, signaliserte guten ved sida av henne at ho skulle løfte armen sin og rope. Først visste ikkje Dirmit kva ho skulle rope. Då ho prøvde finne ut kva dei andre ropte, kunne ho ikkje høyre noko anna enn eit unisont brøl. Difor marsjerte ho ei stund og tilpassa stega sine til brølinga og lurte på kva ho skulle rope. Så hugsa ho kva snøen hadde sagt til henne: 'Lat alle dine sorger fare og rop!' Med dette i tankane, opna ho leppene og løfta armen. Men då hjarta hennes byrja banke, vart ho så flau at kinna vart mørkeraude. Så opna ho neven, senka armen, tok nokre djupe andedrag for å roe ned hjartebankinga og beit seg i tunga for å bli kvitt den turre kjensla i munnen. Så steig den tynne røysta hennes og vart ein del av resten, ho steig og kunne ikkje bli undertrykt og ho byrja rope: 'Dei har rive sund dikta! Dei har rive sund dikta!'

Med eitt snudde den store folkehopen seg mot Dirmit, og storma skrålande mot henne. Knea skaka og ho kjente føtene vart borte under henne, ho heiv ein gong etter pusten, og datt i dunge på flekken. Då ho strekte handa ut etter veska som hadde vorte riven frå henne, vart armen mosa under trampande føter. 'Armen min!' skreik ho og ei hand greip henne fast om armen og drog henne på føtene. Ho såg seg engsteleg omkring og såg kveitestrå som vaia i vinden, bøygde seg ned og svaia opp igjen. Så med eit vart kveitestråa til folk som sprang i alle retningar. Dirmit sto som nagla, som trollbunden og såg der dei løyste seg opp og vart borte. Snøen kom og berga henne med sprinklande sørpesnø i fjeset. 'Spring, politiet kjem,' vart det sagt og ho fekk hjelp til å plukke opp veska. Utan å sjå seg attende sprang Dirmit av garde mot den gata folk hadde flykta inn i og forsvunne ut or syne. Ho sprang ned til enden av gata på eit andedrag, men der såg ho ikkje ei sjel då ho nådde fram til ein open plass. Ho snudde andletet mot snøen med dei fine flaka som sløra himmelen og klaga, 'Du veit ingen ting!' Snøen berre lo og Dirmit spurte kvifor han hadde ført henne midt inn i folkemengda. Snøen tenkte seg godt om og byrja forklare kvifor han, etter å ha kome ned i tynne flak, alltid smelta og til slutt vart til vatn sjølv om han vart liggande ei stund.

Dirmit vart overraska over å høyre at snøen smelta bort fordi det vart for mykje å ta inn over seg all lidinga folk fekk når han la seg på taket av dei eskeliknande husa. Ho vart glad då ho høyrde at snøen kunne sjå inn i alle husa, og då ho utbraut, 'Eg skulle ønske eg også var snø!' lo snøen og sprinkla leppene til Dirmit med dei milde flaka og kjærteikna fjeset. Snøen fortalte henne at sjølv om ho ikkje var snø, kunne ho sjå inn i husa om ho berre ville. 'Men det er så mange av dei,' sukka Dirmit. 'Finst det ikkje andre jenter som har fått dikta sine rivne sunde?' spurte ho og let att augo. Snøen dala ned og vart til vatn. Då Dirmit opna augene og såg etter snøen, var han ingen stad å sjå. 'Dersom dei finst, skal eg finne dei!' ropa ho og løfta hovudet mot himmelen."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

If content is considered offensive, it will be moderated or deleted.