tirsdag 18. juni 2013

Skamfullt avslag på visumsøknad


Vår ven Awad frå Sudan fekk i går avslag på visumsøknad til kongeriket Noreg av underbruket til den Norske Ambassaden/Konsulatet, VFS i London.
No har det seg slik at historia bakom dette avslaget ikkje er heilt enkel fordi det reint formelt, var ein del lyter ved søknaden. Awad er ein del av ein gamal og god veneflokk frå 70-talet i Cambridge. Vi hadde sett oss føre at vi alle skulle møtast i Noreg denne gongen, i Vesterålen og Lofoten. Invitasjon vart sendt i slutten av april til Awad i Sudan, men postruta til Sudan er ikkje akkurat enkel og invitasjonen kom ikkje fram før Awad måtte reise til England. Før han drog frå Sudan var han i den Norske ambasaden i Karthoum og viste fram alle naudsynte dokument, fekk dei godkjente, men hadde enno ikkje motteke invitasjonen frå meg. Han vart tilrådd å kontakte den Norske ambassaden/Konsulatet i London slik at dei kunne gje Awad visum. Det Awad (moglegvis den Norske Ambassaden i Kartoum) ikkje visste var at visum berre vart innvilga dersom søkaren søkte visum frå sitt eige land.



Korom allting er: Awad møtte opp i ved den Norske ambassaden i London, vart sendt vidare til VFS. VFS hadde sjølvsagt inga fullmakter dersom alle papira ikkje hang saman og Awad vart sendt attende til konsulatet (ein annan vekedag må vite) som ba om at verten i Noreg måtte sende a) Ny handskriven invitasjon. (Den første invitasjonen var for gamal) b) Underteikne den første invitasjonen og c) Sende kopi av passet. Han fekk samstundes ny time hjå VFS. Eg sendte så klart alle dei etterlyste dokumenta til Awad. I London ettermiddagen 17. juni, dagen før Awad hadde billettar til Oslo/Evenes møtte han opp som avtalt og får blankt avslag.



Eg skammar meg over måten Awad har vorte handsama på av min ambassade og mitt konsulat i London. Ein ting er at Noreg må tilpasse seg avtalane som Schengen pålegg vårt land. (Og eg spør meg sjølv – korleis i all verda greidde venen vår å kome seg inn i England?) Noko anna handlar om manglande evne og vilje til vurdere kvart einskild tilfelle. Awad er ein eldre mann og politisk står han langt unna det regimet som i dag styrer i Sudan. Eg tykkjer det er trist og skamfullt at heidersfolk som Awad ikkje får visum. Men verst er det at min ambassade og mitt konsulat i London er så utruleg frekke at dei sender folk hit og dit, gjev dei inntykk av at det er mogleg å få visum for så i siste instans la underbruket VFS avslå søknaden.