søndag 7. desember 2014

Kritikk: Stormen av Shakespeare i Bladet Vesterålen 06.12.2014

Nordland Teater og Stormen


Storm er vi vant til på desse kantar, men framsyning av Stormen av Shakespeare i Vesterålen er nytt av året. Rart er det å tenke på at skodespelet vart skriven for 403 år sidan, men framleis er friskt og har evna til å halde på interessa til publikum i nær på 2 heile timar.

Som ein ekstra bonus hadde Bernhard Ramstad introduksjon til stykket før Stormen braka laus. Der fortalte han litt om bakgrunnen for stykket, om teatra i London på 1500- og 1600-talet som med unntak av Blackfriar Theatre viste skodespel i teatersalar utan tak, om blankverstradisjonen, korleis kveldens versjon av teksten hadde vorte forkorta med ca 1/4 og om omsettinga til Ragnar Olsen. Dette vart det sett stor pris på av dei som hadde møtt fram.

Spanande var det å kome inn i teatersalen nokre minuttar før byrjinga og sjå korleis scenebildet var:
ein kvit bommullsduk som bakteppe, nokre stolar og ein diger kasse med sand ( 2.5 tonn).

Stormen handlar om makt på mange plan. Makt over land og rike, makt over andre, og ikkje minst makt til å iverksette illusjonar for å få kontroll over andre. Alt innafor ei ramme som baserer seg på det eventyrlege. Hovudpersonen Prospero endar opp på ei aude øy i Middelhavet saman med dottera, Miranda. Prospero som elska kunnskap, vart detronisert som hertug av Milano av broren. På øya gjer Prospero seg til herre over heksesonen, Caliban og luftånda Ariel. Begge desse vert undertrykte, men på kvar sin måte.

Etter 12 år siglar den svikefulle broren saman med kongen av Napoli og sonen til denne, Ferdinand, forbi øya og Prospero nyttar alle sine trolldomskunstar for å føre følgjet i land på øya. Formålet er straff og tilgjeving, det siste først etter at syndarane har vorte grundig pinte. I denne samanhengen får det halde med å seie at det går bra med alle. I tillegg vert det eit par av Miranda og Ferdinand som det høver seg i ein komedie. Til slutt aksepterer Prospero at han først og fremst er eit menneske avhengig av godviljen til andre.

Nordland Teater har gjort ein god dramaturgisk jobb med stykket. For det første skal Ragnar Olsen ha stor ære for omsettinga til nordnorsk. Spåket kling lett og ledig og det verkar som det frodige nordnorske målet berre har venta på ein tekst av Shakespeare. Men nokre stader vert poesien borte som rimeleg er. Scenografien er strippa ned til eit minimum, men dei elementa som er der, fungerer optimalt. Bruken av ein diger overbygd sandkasse er genial. Sandkassen vert ein arena (arena betyr sandkasse!) for å stille ut all galskap og illusjonar det forliste konge- og fyrstefølgjet opplever. Dei er på ein måte på utstilling medan Prospero overvakar det heile saman med publikum. Den tenande luftånda, Ariel, er framstilt som butlar og ter seg som Carson i Downton Abbey. Artig er det at dette grepet verkar som det skal. Ariel er lojal, distansert og effektiv produsent av Prospero sine pålegg. Caliban deserterer, forståeleg nok, og søker nye vener når det forliste mannskapet dukkar opp. Saman tek desse godt vare på den burleske tradisjonen hos Shakespeare der dei surrar rundt og trur dei skal verte både konge og hertug.

Skodespelarane fylte rollene sine, noko som ikkje alltid er like lett i eit skodespel som balanserer mellom tragedie og komedie. Ramstad var Prospero, Kristiansen løyste oppgåva som butlar og produsent med ein ironisk blink i auget, Bugge Kambestad var høgspent tenåring og Sørensen fekk fram dei gode sidene ved kongen av Napoli. Spesielt vil eg trekke fram dansarane, Kjærsund og Vorren, som meir enn nok gjorde opp for alle dei andre åndene som ikkje var til stades i denne oppsettinga. Musikken var heile tida der og trigga assosiasjonar og fantasi.

Det er mange som ikkje har vorte nemd her, men i denne forestillinga er det slik at alle saman har gjort kvarandre gode!
Eg gler meg til neste møte med Nordland Teater.

Sortland 3. desember 2014
Venke Vik











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

If content is considered offensive, it will be moderated or deleted.