søndag 6. april 2014

Sala Palmer med S

Sala Palmer kom brått inn i livet vårt.  Det hadde seg slik at dotter Kaja fekk kongepuddelen Sala i byrjinga av februar i 2013.  Kongepuddel er ein av dei den mest allergivenlege hunderasane, men likevel utvikla Kaja allergisk astma.  Dermed kom Kaja og kvalpen Sala - 7 månader - i slutten av juni, midt i storbesøket eg har skrive om.  Det gjekk som det måtte gå.  Kaja reiste og  Sala Palmer vart igjen hos mor og far.  Sala hadde lært mange ting før ho kom til oss. Ikkje minst at ho var glad i folk. Første tida gjekk med til å venne ho til dei små barnebarna, Karoline og Erik.  Det var ikkje lett for ein sosial liten hund å skjøne at ho ikkje kunne styre på som ho ville, men litt etter litt stagga ho seg når dei var i nærleiken.

Barn og barnebarn drog heim til sitt i slutten av juli og då kunne vi for alvor gå inn for å oppdra vesle Sala.  Utstyr av ymse slag var kjøpt.   Lufteturane var i byrjinga ein kamp for å halde ho unna folk vi møtte.  Begeistringa hennes over framande, var utan grenser og ho ville sjølvsagt gje utrykk for det ved å hoppe opp etter alle vi møtte. Det høyrer med til saka at Sala er sterk, så det tok si kvinne å halde ho unna folk og dyr.  Ein gong vi var i sauebeitet, smatt ho ut av halsbandet,  men eg greidde å få tak i halsskinnet hennes og fekk lagt meg over henne, i saueskit og alt.

Heldigvis var sumaren frå og med 21 juli strålande på alle måtar. Sala og mor fekk mange fjellturar og i dag går vi fleire mil kvar veke.  "Ut på tur aldri sur" og "det finns ikke dårlig vær, bare dårlige klær" har vorte testa ut i full mon denne vinteren.  Når regnet piskar ned er det på med regnutstyr både for matmor og hund. 

Kvardaglivet med hund triveleg. Sala er full av humør og det er kvar dag noko å le av. Pels må klippas og vaskas og alt dette skal læras både av hund og matmor.  Eg grua meg til klippinga, men det kjens som ein stor siger når hunden legg seg ned i avslappa stilling og let matmor drive på med sitt.

Ein ekstra fordel er at matmor har mista opptil fleire kilo. Ikkje berre på grunn av daglege turar med Sala, men også fordi eg er medlem av Stamina Hot og trimmar to til tre gongar i veka med spinning og styrketrening.  Det er kjempetriveleg!  Treff damer og menn på min alder. Mange av dei har eg ikkje truffe før og det å verte kjent med nye folk på Sortland er ein ekstra bonus.

Alt i alt - mykje å vere takksam for!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

If content is considered offensive, it will be moderated or deleted.