torsdag 9. januar 2014

Bloggstopp - Del 1

Så vart det brått stopp på blogginga.  Eg har nokre forklaringar på det, men saka er vel at eg ikkje har vore flink nok til å organisere tida mi. For å bøte på dette, skal eg fortelje litt om tida frå siste blogginnlegg til no. Det har jo vore meir enn eit halvt år, så forklaringa vert delt opp i del 1, del 2, del 3 og del 4,  trur eg...

Sumargjester frå Wolfson College i Cambridge

Sumaren var på alle måtar full av hendingar.  I juni vitja: Anna frå Cambridge, Saliha frå Istanbul og Silvia frå Mexico City meg i heile 12 dagar. Saliha og Silvia kom 16. juni og Anna 18. juni.  Alle reiste  28. juni.  Awad frå Karthoum fekk ikkje turistvisum noko eg har skrive om tidlegare.    

                                                                                                                                                      
Anna frå Cambridge
Silvia frå Mexico City

Saliha frå Istanbul


Men vi hadde likevel trivelege og intense dagar med turar i Vesterålen og Lofoten. Første turen var sjølvsagt til Sortland. Butikkar vart inspisert og Saliha kjøpte ullundertøy frå Janus og vindjakke for sure haust-og vinterdagar i Tyrkia på Sport1.  Solveggen på Kringla fekk invasjon av damene og Havsauget vart beundra.  Tirsdag køyrde vi Hadseløya rundt, og på yttersida fekk vi sjå ørn som segla i luftdraget der fjellet stupar meir eller mindre rett ned.  Siri Randers Pehrson var med som ekstra guide.

Tur med Vesterålen frå Sortland til Svolvær

Anna kom tirsdag kveld and brought presents to all of us from Awad: tea from the hibiscus flower and super fruit from the Bao-bao tree.  og onsdag reiste Saliha, Silvia og Anna med hurtigruta - Vesterålen, må vite - frå Sortland til Svolvær.
Harald drog til Tromsø til kontroll på universitetssjukehuset. Sjølv køyrde eg frå Sortland til feriehuset vi har i Kabelvåg og fekk stelt til middag til damene kom.  Damene var fulle av lovord då eg henta dei på kaia i Svolvær. Fotograf var Anna og hurtigruteturen vart  grundig dokumentert. (Det er dessutan Anna som har teke storparten av bildane frå opphaldet som er lagt ut på denne bloggen.)  På kvelden var det enkel middag og elles tok damene oppdatering av kva som hadde hendt sidan sist vi møttes -  for lenge, lenge sidan.

Huset i Kabelvåg er framleis internettfri sone, så damene måtte på internettkafé for å halde seg oppdatert med jobbane sine. Silvia og Saliha er begge professorar og Anna er biolog med råte på frukt og grønsaker som spesialitet. Ho dreg verda rundt og inspiserer last for å avgjerde kor i kjeda råten har oppstått.  På produsksjonsstaden, under transport til hamn, på mellomlagring, under frakt på båt eller der det eventuelt vert lagra når partiet kjem til leveringsstaden.  Anna tek dei mest spektakulære bilde av råte på frukt og grønsaker.  Silvia er professor i antropologi/sosiologi og Saliha er professor i omsetting av litteratur - til og frå tyrkisk. Ho er dessutan grunnleggaren og primus motor i The Cunda International Workshop for Tranlators of Turkish Literature som vert halde kvart år i Cunda.  Eg var så heldig at eg fekk delta på arbeidseminaret i september 2012.  Meir om dette seinare.  Til høgre ser du bilde av "Vaktharen von Strobel".  Han passar på huset i Kabelvåg når vi ikkje er der.  For å vere på den sikre sida er han utstyrt med rifle og ei 1/2-flaske Jägermeister.

Lofoten har nok å tilby av ting å sjå og gjere.  Det vanskeleger er faktisk å velge. Men når veret for det meste viser godsida, er det ikkje vanskeleg å vere vert.  Nedanfor ser du bildar frå Svolvær og Kabelvåg.  Det må nemnas at bildet av Lofotkatedralen er teken frå hagen vår.
Svolvær 

Lofotkatedralen, Kabelvåg
Fesk på hjell, Svinøya




Kva skal vi sjå og kva skal vi gjere?
Vi valde å konsentrere turane våre til Vestvågøy og Austvågøy. Ein dag vart sett av til å besøke vakre Vestvågøy. Første stopp var Skulpturlandskap Nordland: "Dusjkabinettet" eller "Uten tittel" av den amerikanske kunstnaren, Dan Graham. Skulpturen står i Lyngvær på
Austvågøy.
Eg vert aldri lei av å ta denne rundtruren.  Innersida vestover,  med Stamsund, Steine, Sennesvik.  Deretter over skaret til Hol og Leknes. Ut til Ballstad. Eg måtte sjølvsagt vise fram rorbua eg budde i i 3 år som vekependlar.  Deretter Gravdal, Voie, Hauknesstranda, Leitebakken Tangstad og Unstad. Så ut til Borge og Eggum.



På veg attende til Borge gjekk turen til Vikingmuseet. Vi kom dit like før stengetid, men fekk med oss den nye museumsutstillinga og kaffe i den nye matsalen.  Anna tok bilde av "kniplingsbroderi" av fiskebein. Er det ikkje vakkert?  Og vakkert og frodig er det også i Vestvågøy...
                                                   Vi kom omsider heim utpå kvelden.

Henningsvær
Dagen etterpå bar det av garde til Henningsvær. Det nærma seg midtsommar - det ser vi tydeleg av bildet til venstre. I Henningsvær besøkte vi det nyåpna galleriet KAVI  FAC  ORY. Galleriet er i den gamle kaviarfabrikken i Henningsvær.  No må det seias at bygget er restaurert, modernisert og har ein stil som går rett inn i moderne estetikk.  Galleriet er bygd for å huse samtidskunst. Vi har ikkje mange bygg av dette slaget i Nordnorge. Hamsunsenteret på Oppeid er kanskje eit anna byggverk som har det same utrykket, enkelt og sterkt!

Turen i Henningsvær vart avslutta med middag på Fiskekrogen.


Espolin Johnson Galleriet                                     og                                       Akvariet i Kabelvåg
Espolin Johnson galleriet er mitt 
favorittgalleri.  Vert aldri lei av å
studere bilda hans. Til høgre ser du eit blinkskudd av Anna frå Akvariet.





A Midsummer Night´s Dream


På jakt etter midnattssola.  Eg nemner berre at kameraet til Anna viser engelsk tid. Det var utruleg spennande lys denne kvelden. Sola viste seg innimellom tåkebankar.  Det var reint ut sagt magisk...


Seinare på natta vart kransekaka montert (noko skakk) for 24. juni skulle
vi feire fødselsdagen til søster Toril og venninne Annelise i Kabelvåg. Og dagen gjekk med til å pynte blautkake og lage middag.  Og gjestene kom...

Fødselsdagsborna søster Toril og Annelise til venstre

Bilde til høgre: Siri, Berit, Toril, Venke, Silvia, Annelise og Anna.
Fotograf: Harald
Harald var einaste hane i kurven og sørga for at damene fekk vin og mat. Strålande oppvarting var det og alle damene kurra.
  Avslutning i Vesterålen
Onsdag 26. juni gjekk turen attende til Sortland til lammelår hos Toril. Gjestene hadde aldri smakt maken. Vesterålslam er vidunderleg mat! Det skal seias at Toril er meisterkokk. Som min gamle ven, Elling plar seie: "Slikt blir ein snill av" I tillegg drog det seg til med varme og godver.

Andøya rundt
Nest siste dag var via Andøya rundt, denne utrulege øya som ligg lengst mot nord i øyriket Lofoten og Vesterålen.  Når ein ser øya frå avstand er det mest som midtpartiet blir borte i havet. Der ligg moltemyrene som strekk seg milevis mellom høgdedraga på begge sidene. Temperaturen var mellom 24 og 26 + -grader C, noko som er høgst uvanleg på desse kantane. Bildet av Saliha i motlys fortel alt om denne dagen.




Takk til Anna, Silvia og Saliha som tok seg tid til å besøke meg, Harald og venene våre, nær havsegga.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

If content is considered offensive, it will be moderated or deleted.