mandag 28. april 2014

Sortland kulturfabrikk - prøvedrift og fantastisk!

Tenk!  No har vi fått kulturhus på Sortland. Inntil vidare er det prøvedrift der alle rom og salar vert testa. Vi har fått storsal, kinosal, bibliotek, museum, kulturskole, galleri, bluebox (blackbox), staseleg foaje med kafe m.m, og mange støtterom i den samanheng. Det er heilt utruleg å kunne ta dette bygget i bruk, både personleg og som leiar av Sortland kunstforening.

Så kva er det med dette bygget som er så storarta? For det første trur eg det er unikt fordi det er eit motsvar på dei behova sortlandsfolk har, det vere seg sosialt-, kommunalt- kunst-, film-, friviljug arbeid, osv, osv. Kulturfabirkken er ei vidareføring, og vonaleg også ei nyskaping av det samansette utvida kulturtilbodet vi har i Sortland. Alle utrykk og kulturtilbod får ein "møteplass", det vere seg skiforeninga, sjakklubben, friviljugsentalen, musikken, eldresenteret, eller kunstforeninga.

Politikarane i Sortland kommune skal ha stor ros for at dei har våga å ta sjansen på eit prosjekt som var (er?)  kontroversielt, i ein lokal debatt der behova til dei eldre ofte vart stilt opp mot meir marginale behov. Då seier eg berre som 70+ at Kulturfabrikken kjem til å halde meg og mange andre, friske og raske i mange år framover.  Slik kjens det i alle fall per i dag! Det vert jo alle fall noko som er viktig for totaliteten i kommunebudsjettet i Sortland kommune.

Så kva handlar PRØVEDRIFT om? Jau, det betyr at alle funksjonane i eit høgteknologisk bygg skal prøvas ut. Og ikkje nok med det.  Personalet og ikkje minst brukarar av forskjellige slag skal finne ut korleis lys, knappar, brytarar med meir verkar.  Til det trengs det tid fordi erfaringar med  bygget/installasjonane må prøvas ut, før justeringar/endringar kan skje.

Sortland kunstforening hadde i dag ein gjennomgang av bruken av galleriet. Vi opplevde at vi fekk hjelpa vi trengte av dei som har Kulturfabrikken som arbeidsplass og dei som var der for å slutteføre sine arbeidsoppdrag! Så då vi var fedige med økta, var vi i stand til å regulere lyssettinga i rommet vi er brukarar av, bruke lagerrommet og ikkje minst, vere trygge på at personalet på Kulturfabrikken er til svars.

Venke Vik

tirsdag 8. april 2014

Trekkhunden Sala

Vinteren i Vesterålen har vore uvanleg.  Med unntak av nokre få dagar tidlegare i vinter har det ikkje vore skiføre før siste veka.  I går kom Sala og eg oss av garde på ski.  Sala fekk på seg trekksele og eg snøra meg inn i  med trekkband rundt livet.  Det tok si tid før Sala og eg skjøna korleis vi skulle få til dette.  Ikkje for langt band, ikkje for fort og ikkje for mykje hopp og sprett. Eg gjekk over ende fleire gongar, dunka hovudet i bakken og beit meg i tunga. Men ikkje verre enn det var mogleg å gå vidare.  Til slutt vart det riktig artig då Sala skjøna at i unnabakkane måtte ho ha toppgir for å ligge framfor matmor.  Skal seie ho fekk fart på seg.  Elles - Vesterålen i strålande solskin - kan det vere betre?

søndag 6. april 2014

Sala Palmer med S

Sala Palmer kom brått inn i livet vårt.  Det hadde seg slik at dotter Kaja fekk kongepuddelen Sala i byrjinga av februar i 2013.  Kongepuddel er ein av dei den mest allergivenlege hunderasane, men likevel utvikla Kaja allergisk astma.  Dermed kom Kaja og kvalpen Sala - 7 månader - i slutten av juni, midt i storbesøket eg har skrive om.  Det gjekk som det måtte gå.  Kaja reiste og  Sala Palmer vart igjen hos mor og far.  Sala hadde lært mange ting før ho kom til oss. Ikkje minst at ho var glad i folk. Første tida gjekk med til å venne ho til dei små barnebarna, Karoline og Erik.  Det var ikkje lett for ein sosial liten hund å skjøne at ho ikkje kunne styre på som ho ville, men litt etter litt stagga ho seg når dei var i nærleiken.

Barn og barnebarn drog heim til sitt i slutten av juli og då kunne vi for alvor gå inn for å oppdra vesle Sala.  Utstyr av ymse slag var kjøpt.   Lufteturane var i byrjinga ein kamp for å halde ho unna folk vi møtte.  Begeistringa hennes over framande, var utan grenser og ho ville sjølvsagt gje utrykk for det ved å hoppe opp etter alle vi møtte. Det høyrer med til saka at Sala er sterk, så det tok si kvinne å halde ho unna folk og dyr.  Ein gong vi var i sauebeitet, smatt ho ut av halsbandet,  men eg greidde å få tak i halsskinnet hennes og fekk lagt meg over henne, i saueskit og alt.

Heldigvis var sumaren frå og med 21 juli strålande på alle måtar. Sala og mor fekk mange fjellturar og i dag går vi fleire mil kvar veke.  "Ut på tur aldri sur" og "det finns ikke dårlig vær, bare dårlige klær" har vorte testa ut i full mon denne vinteren.  Når regnet piskar ned er det på med regnutstyr både for matmor og hund. 

Kvardaglivet med hund triveleg. Sala er full av humør og det er kvar dag noko å le av. Pels må klippas og vaskas og alt dette skal læras både av hund og matmor.  Eg grua meg til klippinga, men det kjens som ein stor siger når hunden legg seg ned i avslappa stilling og let matmor drive på med sitt.

Ein ekstra fordel er at matmor har mista opptil fleire kilo. Ikkje berre på grunn av daglege turar med Sala, men også fordi eg er medlem av Stamina Hot og trimmar to til tre gongar i veka med spinning og styrketrening.  Det er kjempetriveleg!  Treff damer og menn på min alder. Mange av dei har eg ikkje truffe før og det å verte kjent med nye folk på Sortland er ein ekstra bonus.

Alt i alt - mykje å vere takksam for!