Nordland Teater og Stormen
Storm er vi vant til på desse kantar,
men framsyning av Stormen av Shakespeare i Vesterålen er nytt
av året. Rart er det å tenke på at skodespelet vart skriven for
403 år sidan, men framleis er friskt og har evna til å halde på
interessa til publikum i nær på 2 heile timar.
Som ein ekstra bonus hadde Bernhard
Ramstad introduksjon til stykket før Stormen braka laus. Der
fortalte han litt om bakgrunnen for stykket, om teatra i London på
1500- og 1600-talet som med unntak av Blackfriar Theatre
viste skodespel i teatersalar utan tak, om blankverstradisjonen,
korleis kveldens versjon av teksten hadde vorte forkorta med ca 1/4
og om omsettinga til Ragnar Olsen. Dette vart det sett stor pris på
av dei som hadde møtt fram.
Spanande var det å kome inn i
teatersalen nokre minuttar før byrjinga og sjå korleis scenebildet
var:
ein kvit bommullsduk som bakteppe,
nokre stolar og ein diger kasse med sand ( 2.5 tonn).
Stormen handlar om makt på
mange plan. Makt over land og rike, makt over andre, og ikkje minst
makt til å iverksette illusjonar for å få kontroll over andre.
Alt innafor ei ramme som baserer seg på det eventyrlege.
Hovudpersonen Prospero endar opp på ei aude øy i Middelhavet saman
med dottera, Miranda. Prospero som elska kunnskap, vart detronisert
som hertug av Milano av broren. På øya gjer Prospero seg til herre
over heksesonen, Caliban og luftånda Ariel. Begge desse vert
undertrykte, men på kvar sin måte.
Etter 12 år siglar den svikefulle
broren saman med kongen av Napoli og sonen til denne, Ferdinand,
forbi øya og Prospero nyttar alle sine trolldomskunstar for å føre
følgjet i land på øya. Formålet er straff og tilgjeving, det
siste først etter at syndarane har vorte grundig pinte. I denne
samanhengen får det halde med å seie at det går bra med alle. I
tillegg vert det eit par av Miranda og Ferdinand som det høver seg i
ein komedie. Til slutt aksepterer Prospero at han først og fremst
er eit menneske avhengig av godviljen til andre.
Nordland Teater har gjort ein god
dramaturgisk jobb med stykket. For det første skal Ragnar Olsen ha
stor ære for omsettinga til nordnorsk. Spåket kling lett og ledig
og det verkar som det frodige nordnorske målet berre har venta på
ein tekst av Shakespeare. Men nokre stader vert poesien borte som
rimeleg er. Scenografien er strippa ned til eit minimum, men dei
elementa som er der, fungerer optimalt. Bruken av ein diger overbygd
sandkasse er genial. Sandkassen vert ein arena (arena betyr
sandkasse!) for å stille ut all galskap og illusjonar det forliste
konge- og fyrstefølgjet opplever. Dei er på ein måte på
utstilling medan Prospero overvakar det heile saman med publikum. Den
tenande luftånda, Ariel, er framstilt som butlar og ter seg som
Carson i Downton Abbey. Artig er det at dette grepet verkar
som det skal. Ariel er lojal, distansert og effektiv produsent av
Prospero sine pålegg. Caliban deserterer, forståeleg nok, og søker
nye vener når det forliste mannskapet dukkar opp. Saman tek desse
godt vare på den burleske tradisjonen hos Shakespeare der dei surrar
rundt og trur dei skal verte både konge og hertug.
Skodespelarane fylte rollene sine, noko
som ikkje alltid er like lett i eit skodespel som balanserer mellom
tragedie og komedie. Ramstad var Prospero, Kristiansen løyste
oppgåva som butlar og produsent med ein ironisk blink i auget, Bugge
Kambestad var høgspent tenåring og Sørensen fekk fram dei gode
sidene ved kongen av Napoli. Spesielt vil eg trekke fram dansarane,
Kjærsund og Vorren, som meir enn nok gjorde opp for alle dei andre
åndene som ikkje var til stades i denne oppsettinga. Musikken var
heile tida der og trigga assosiasjonar og fantasi.
Det er mange som ikkje har vorte nemd
her, men i denne forestillinga er det slik at alle saman har gjort
kvarandre gode!
Eg gler meg til neste møte med
Nordland Teater.
Sortland 3. desember 2014
Venke Vik