Viser innlegg med etiketten Sortland kunstforening. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sortland kunstforening. Vis alle innlegg

mandag 11. juni 2012

Sortland kunstforening

Styremøte 11.06.2012
11/12: Godkjenning av sakliste
12/12: Godkjenning av refrat fra styremøte 21.05.2012
12/12: Referatsaker

onsdag 23. mai 2012

Nettsida til Sortland kunstforening

Styret i kunstforeninga vedtok å opprette nettside. Ho vert bygd opp etter malen til Norske kunstforeniger og skal først og fremst vere bindelekken mellom medlemane og kunstforeninga. Men vi vonar at det også vert ein nettstad for alle som tykkjer det er viktig med kunst. Det tek litt tid før adressa til Sortland kunstforening er aktiv, men eg legg ut lenke så snart eg får melding om at ho er på plass.

søndag 20. mai 2012

Sortland kunstforening

Mandag kveld, 21. mai,  skal det nye styret ha sitt første styremøte. Saker som skal diskuterast er:


01/12: Konstituering
/fordeling av oppgaver
02/12: Orenteringssaker

a) Oppfylging av utstillingar

b) Orienteringsmøte om Kulturfabrikken
03/12: Aktivitetsplan for styret i SKF 2012, 
04/12: Oppdatering av medlemslista
,
05/12: Oppfylging av Kunstnerhuset

06/12: Statistikk
07/12: Etablering av nettside for Sortland kunstforening
08/12: Kontakt med medlemane – e-post, telefon, brev – Korleis  få info til alle?
09/12: Månadsbildet (MB)
10/12: Saker til neste møte
11/12: Eventuelt



tirsdag 8. mai 2012

Kva eg kjem til å skrive om i denne bloggen

Oppretting av blogg sit nok langt inne, men no er det på tide å kome i gang. Dei digitale mediene har så mange moglege tilbod og løysingar at vala kjem ikkje av seg sjølv. No har eg i lang tid vore storbrukar av Al Jazeera English og Twitter og desse nettstadene har vore svært viktige for å bli meir kjent med det digitale.

Al Jazeera English:  http://www.aljazeeraenglish.com  er min favorittkanal fordi han har eit alternativt perspektiv på nyhende og rapporterer frå land og regionar som ikkje får så stor plass i heimlege kanalar og aviser. I tillegg har dei glitrande reportarar som står til truande. I denne bloggen vil eg freiste å fortlje litt frå det eg høyrer og ser på denne nettstaden.

Twitter: http://twitter.com er ein fantastisk nettstad fordi han er så tett på sann tid. Det er berre ein liten augneblink og vips er det nokon som fortel om kva som skjer der og då. Problemet er å skilje mellom skit og kanel. For å klare det må ein først bestemme seg for kva ein vil verte oppdatert på. For meg er politkk og samfunn interessant å fylgje med på. Etter kvart vil eg fylgje kunstnarar (Fine Arts). Dette har samanheng med at eg no har teke på meg leiarvervet i Sortland kunstforening.

Men på same tid som Twitter er rask og informativ kan du berre bruke 140 teikn, noko som avgrensar meir inngåande refleksjon. Då kjem bruken av "hash tags" som er teikenet "#" til nytte. Ved å sette #framfor eit ord, brukar du dette teikenet til å sanke meir informasjon om akkurat dette temaet. Nokre gonger finn du ingen ting, medan andre gonger vert du leia vidare til nye nettstader og ny informasjon. Sanneleg ei Sareptas krukke.

Latife Tekin og Tyrkia kjem eg også til å skrive om, men meir om dette i neste innlegg