Viser innlegg med etiketten Olga Schmedling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Olga Schmedling. Vis alle innlegg

onsdag 1. mai 2013

SE KUNST I NORD-NORGE ÅRSMØTE OG FAGDAGAR



No har eg min santen vore på årsmøte og seminar.  Og eg som trudde eg var ferdig med det livet.  Men den gong ei.  SE KUNST I NORD-NORGE fekk med til Svolvær der årsmøtet vart avvikla effektivt og elegant under leiing av Harold Hansen.  Deretter bar det til Nordnorsk Kunstnersenter ved torget i Svolvær der vi både fekk åndeleg og kjødeleg føde. Stor takk til dei som sto for dette.  Og dessutan - ta turen innom kunstsenteret neste gong du kjem til Svolvær - det er vel anvendt tid.

I det som står under, har eg freista å seie noko om kva eg fekk ut av fagdagen på laurdag.  Eg ber om orsaking dersom dette vert ei heilt feil framstilling.

Fagdagen på laurdag var heftig med temaet: KONSEPTUELL KUNST.  Olga Schmedling åpna ballet med ein historisk gjennomgang av retninga og forankra denne i byrjinga av forrige århundre  m.a. i dadaismen.  Eit viktig trekk ved konseptkunst er avmaterialiseringa.  Kunstverket er ikkje alltid eit fysisk objekt i tradisjonell forstand, men kan vere eit fotografi av eit objekt som igjen dannar grunnlaget for ein kommentar.  Konsptkunst er med andre ord ei form som i mange tilfelle tek opp i seg fleire sjangrar, t.d. litteratur, film/video, dans osb. Konseptkunsten er mangfoldig, tvetydig og bryt grensar.  Som publikum vert vi inviterte til å reagere på kunstverket.  Dermed vert grensane mellom kunstverket og sjåaren viska ut.