No har eg min santen vore på årsmøte og seminar. Og eg som trudde eg var ferdig med det livet. Men den gong ei. SE KUNST I NORD-NORGE fekk med til Svolvær der årsmøtet vart avvikla effektivt og elegant under leiing av Harold Hansen. Deretter bar det til Nordnorsk Kunstnersenter ved torget i Svolvær der vi både fekk åndeleg og kjødeleg føde. Stor takk til dei som sto for dette. Og dessutan - ta turen innom kunstsenteret neste gong du kjem til Svolvær - det er vel anvendt tid.
I det som står under, har eg freista å seie noko om kva eg fekk ut av fagdagen på laurdag. Eg ber om orsaking dersom dette vert ei heilt feil framstilling.
Fagdagen på laurdag var heftig med temaet: KONSEPTUELL KUNST. Olga Schmedling åpna ballet med ein historisk gjennomgang av retninga og forankra denne i byrjinga av forrige århundre m.a. i dadaismen. Eit viktig trekk ved konseptkunst er avmaterialiseringa. Kunstverket er ikkje alltid eit fysisk objekt i tradisjonell forstand, men kan vere eit fotografi av eit objekt som igjen dannar grunnlaget for ein kommentar. Konsptkunst er med andre ord ei form som i mange tilfelle tek opp i seg fleire sjangrar, t.d. litteratur, film/video, dans osb. Konseptkunsten er mangfoldig, tvetydig og bryt grensar. Som publikum vert vi inviterte til å reagere på kunstverket. Dermed vert grensane mellom kunstverket og sjåaren viska ut.