Viser innlegg med etiketten Kvardagstankar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kvardagstankar. Vis alle innlegg

tirsdag 21. august 2012

Haust og nye eventyr/Autumn and new adventures

Så rullar hausten seg ut i nord og kveldane vert mørkare og dagane kortare. Her sit eg og freistar skjøne at arbeidslivet går sin gang utan at eg treng å bry meg om det. Men det er jo ikkje slik at ein vert arbeidsledig. Sjølv om ein er pernsjonist. No skal hagen stellast, klesvasken strykast, huset vaskast slik at eg kan dra på eventyr. Og eventyret er først Hamar der eg skal vitje vesle Karoline og foreldra hennar, Ida og Håkon.  Deretter går ferda til Cunda, til workshop i omsetjing av litteratur. Samanhengen her er omsetjinga eg gjorde siste haust av Dear Shameless Death/Kjære skamlause død av Latife Tekin. Eg jobbar framleis med å få ho publisert på norsk.

I år er det Mine Söğüt som er forfattaren for,  The 6th Cunda International Workshop for Translators og Turkish Literature, http://www.translationstudiesportal.org/index.php/news/entry/6th_cunda_international_workshop_for_translators_of_turkish_literature konsentrerar seg om.  Til no veit eg ikke meir om henne enn at  ho har skrive ei kort novelle som like gjerne kunne vore eit dikt. Eg har allereie omsett "Why I Killed Myself in Istanbul" til nynorsk. "Workshopen" tek til 4. september og held fram til 14. september. 

Etter det vert det ferie i to veker i nærleiken av Cunda som ligg på vestkysten av Tyrkia nær den greske øya Mitilini. Det skulle ikkje forundre meg om eg fekk til å skrive litt medan eg er på tur...

English:
Autumn is descending in the north and the evenings are getting darker and the days shorter.  Here I

torsdag 2. august 2012

Det å bli sytti år/Becoming seventy

Så er alle gjestane reist heim, nokre etter fire veker intens samver, og her sit vi att og gleder oss over at vi har slekt som vil  vitje og vener som legg vegen innom. I år var det stor stas å kunne invitere til fest på Saabyes bibliotek med aperitif og fire rettar med vin attåt. Vi starta middagen med å synge Din tanke er fri, så kom Skal gamalt venskap kverva bort før hovudretten og heilt til slutt Svantes lykkelige dag.

Det å feire sytti år sat langt inne, men når eg først tok laus var det gildt å kunne invitere gjestar, først og fremst slekta,  men også vener frå ulike bolkar av livet. Det er jo ikkje så lett å be til fest midt på sumaren, men dei som kom gleda seg over maten og over å kunne ha nokre timar saman. Midt under middagen heldt vesle Karoline, 5 1/2 år, tale og ynskja "Velkommen til bords,... og skål" Ho vert nok med tida ei festløve.

På kvelden vandra festlyden opp til Kirkåsvegen til kaffe, kaker og vin. Og dei som ynskte noko sterkare i glaset fekk det. Vi var til saman sytten frå slekta og femten vener. God fangst spør du meg! Så er det triveleg å plassere folk saman som aldri har truffe kvarandre når du ser at drøsen går.

Alle gjestane hadde skjøna at jubilanten ikkje hadde noko ynskje om talar, men dei tre som var, frå dotter Kaja, svoger Ole og kollega Wenche, gleda meg umåteleg. Det var akkurat nok og som dei seier på engelsk "to the point" Familietradisjonen tru, song mine tre søstre sjølvdikta song om søster Venke på melodilinene "Flickorna i Småland" og Champs Elysees"

I Kirkåsvegen vart det også songar om "De yndige små musene" og "Den siste rose", gode slägerar frå gamle dagar.

Så gjekk gjestane heim, litt etter litt -  dei siste klokka halv fire. Då var jubilanten så nøgd og glad at ho måtte bruke to timar på å ta ned turtalet. Tida gjekk med til å tasse omkring i huset, rydde, ta av dukar, tenke og glede seg over ein staseleg fest.

Takk til alle som var med på å gje meg denne ugøymelege kvelden!

Maten vi fekk servert i Saabyes bibliotek skal eg skrive meir om seinare.

English:

onsdag 25. juli 2012

Sumar

Så er det full fart med barn og barnebarnet. Heldige oss som har fått Karoline 5 1/2 år på besøk. Ho snakkar om mykje: Høgtalar: er Høgretalar og venstretalar og på spørsmål om dronningar og kongar er rike, meiner ho dei er "kongerike".  Når Karoline får melding om at "no set vi strek" spør ho kjapt: "Kva for ein strek?" Slik går dagane i undring over alle orda.

onsdag 27. juni 2012

The one wheel cyclist

Strekninga mellom Arvidsjaur og Gällivare går gjennom eit bølgande landskap med langstrekte åsar og blåning bak blåning. Det er som plukka ut or eventyrboka. Vegen går som ein strek, rett fram for det meste, med l a a a a nge unna- og motbakkar. Der møtte eg ei ung kvinne på sykkel på veg opp mota. Sykkelen var tungt lasta, men ho tok seg likevel tid til å helse på dama bak rattet. Eg tykte ho hadde ei stor bør å frakte, men skjøna kvifor nokre kilometer lenger ned i lia. Der møtte eg ei ung kvinne til, men denne trona høgt på ein sykkel med berre eit hjul! Kva ville Asbjørnsen og Moe fått ut av dette?

Arvidsjaur

Etter ein lang dag kom eg til Arvidsjaur og måtte gje meg etter ein dag bak rattet. Eit hotell og ei seng var naudsynt tykte eg. Eg fekk med ein gong hjelp frå to unge innvndrarar, som forsto meg og forklarte kor eg kunne finne eit hotell. Så rota eg litt og kom til ein plass der ein gjeng med tolv- fjortenåringar sto og gruppeleiaren delja med ein planke på eit busskur. Eg stoppa bilen og spurte om vegen. Då slapp han angrepsvåpnet og vart ivrig etter å forklare. Medan eg snudde bilen gøymde han planken ba busskuret. Etterpå forklarte dei grundig kor eg skulle køyre. Til saman var dei sju, åtte og utruleg søte...

English: After a long day in the car I arrived at Arvidsjaur, deciding enough was enough. A hotel and a bed was imminent, I thought. At once I got help from two young immigrants who understood my question and explained where I would find a hotel. I muddled it all up and came to a place where I saw a group of children, twelve or perhaps fourteen I thought, and the ring leader was hammering a bus shed with a wooden board. I stopped the car and asked where to go. He dropped the board and was eager to explain. While turning around the car, he hid the piece of board behind the shed. Then he gave a detailed explanation of where to go. They were all in all seven or eight and very sweet...  

onsdag 20. juni 2012

Jubileum for Steinkjerrussen 1962

Så er jubileumshelga over og vi hadde to herlege dagar saman i sus og dus får ein seie. Vi var 39 til saman, ca halvparten av russekullet som gjekk ut frå Steinkjer offentlege landsgymnas i 1962, Heile 50 år har gått sidan den gong og tanna til tida hadde gnura på oss alle, men nokre hadde kome seg gjennom alle desse åra utan store ytre endringar, tru det eller ei.

Det var utruleg å oppleve at kontakten framleis var god. Og ikkje nok med det, vi vart kjent med kullkameratar som vi ikkje var saman med den gongen. Men med bakgrunn i eit felles mijø, vart nye trådar vevd saman og det kjentest godt.

Kva snakka vi så om? Jau, kva vi hadde halde/heldt på med, men mest om korleis livet var nett no. Sume hadde mista livspartnaren sin gjennom mange år og strei med å finne nytt innhald i kvardagen åleine. Treffet på Steinkjer var en del av dette.  Samlinga på Steinkjer vart i så måte ei positiv og energigjevande oppleving for oss alle.

Så vart nettsida vår etterlyst noko eg tykte var staseleg. No er sida oppgradert, står fram i friske vårfarger og med nye funksjonar på plass som gjer det lettare å halde kontakt.

English: 
Then our jubilee has been celebrated and we had two glorious days together.  All in all 39 of the 81

onsdag 13. juni 2012

Det er litt skummelt...

Det er litt skummelt å pakke kofferten, sette seg i bilen, køyre av garde til ein stad i Midt - Noreg som  eg bodde på for 50 år sidan som gymnasiast. Der skal eg treffe om lag havparten av dei eg tok artium saman med.  Til saman var vi 81 elevar som gjekk ut det året. Nokre av flokken har gått bort, men dei fleste er framleis i live, mashallah, som dei seier i andre delar av verda. Køyreturen går gjennom heile Nordland, det er ei lang reise som gjev rom til refleksjon over tida vi hadde saman i Steinkjer. Tenkjer det er mange tankar som kjem til å flyge gjennom hovudet. ...
Livet som gymnasiast og hybelbuar hadde sine sider. No og då tenkjer eg på Shakespeare´s bilete av skuleeleven i Seven Ages of Man, som slepar seg motviljug til skulen.

"Then, the whining schoolboy with his satchel
And shining morning face, creeping like snail
Unwillingly to school. ..."

Hybellivet var eg van med etter to år på realskulen på Nesna, men 1. året på gymnaset fekk eg akutt skulevegring og var mykje borte frå skulen. Kanskje kom det av at alle som gjekk der var så flinke og eg visste ikkje heilt om eg passa inn. I alle fall var tida på Steinkjer formande på så mange vis.




torsdag 7. juni 2012

Sumaren kjem kanskje...

Det er lov å vone, iallfall har eg teke sjansen på å kjøpe Hattfjelldalsrose, William Shakespearerose, rhododendrum og nokre andre plantar som kan pynte opp i blomebedet.  Det har vore nokre dagar med betre ver og så snart nordlendigen ser litt til sola, vert han med ein gong fortulla og trur at alt veks må vite. Var på vitjing hos Kari på Bjarkøy og då måtte vi innom gartneria på Grytøy for å finne plantar til hagane våre. Det skal bli spanande å sjå om dei trivs på Sortland.

English: The coming of summer is overdue, but hope for the better is still alive. I have taken the chance on buying the roses of Hattfjelldal and William Shakespeare, rhododendron and sundry other plants to put in the garden. We have had some days of reasonably fine weather, and as soon as the Northerners sees the sun, we go quite crazy and think everything will grow. Visited my friend Kari on the island Bjarkøy, and the we went for a shopping spree at the plant nurseries at Grytøya, another island. It´s exciting to see if they will find my garden a place to grow.

mandag 21. mai 2012

Vår/Spring

Tja, kva skal ein seie? Det haglar, regnar og sluddar om kvarandre. Er dette vår? Iskald vind og sletts ikkje utever. Men sumar vert det nok, eingong...                                                               

What´s to be said? A mixture of rain, hail, and sleet. Is this spring? Ice cold wind. Not outdoor weather at all. But summer surely comes, one day...

søndag 20. mai 2012

Simple thoughts on economy and what not...

The world today is far from simple and nor easy to understand. What is apparent is that social class or money is the fundament for political and military power in many parts of the world. Even in our small pond positions in society seem to be hereditary and you inherit most, both socially and economically, if you are born in the Oslo area. If you have something interesting to contribute, it´s quite OK to be from another, more exotic part of the country. However, you ought then to settle down in the central region, or you are in danger of being defined as something special, something strange, something exotic, never to be taken heed of.


Scandinavia is at the very top of the affluent societies, where more and more time is invested in creating a fasade of ourselves. In the most extreme cases the very creation of our lives becomes a full time job and the brand must be sold in every channel. Names will not be mentioned, but we all know someone. A beautiful ass in a daily is an example of this phenomena - an empty and sad struggle to be sure.


But we are not alone to live good lives. We are all together outclassed and in some connections not worth to be paid attention to at all. We all know about the development in the USA where wealth is being accumulated by a tiny group of people. Then it´s no big deal if production is moved to so called low cost countries. Ironically it appears that these economies are emerging.  However, they are dependent on selling goods to former industrial countries that are losing purchasing power. Behind, the capitalists are waiting patiently for politicians to to brave the way for risky obstacles. When the coast is cleared, the sharks once more appear. Before we know it, the sale of shares is in fool swing on the stock exchanges in New York, London, and Tokyo. 


So, what can be done to get rid of the economic collapses happening at regular intervals? Perhaps will write about this another time. 

Kvardagstankar om økonomi og slikt

Verda i dag er langt frå enkel og arbeidet med å forstå kva som går føre seg, er heller ikkje lett. Det som er tydeleg er at sosial klasse og pengar er grunnlaget for politisk og militær makt i mange delar av verda. Sjølv i vår vesle andedam ser det ut for at posisjon i samfunnet går i arv og du arvar mest, både av sosial og økonomisk kapital dersom du bur i Oslo. Har du noko å fare med må du gjerne vere frå meir eksotiske delar av landet. Men då må du helst slå deg ned i sentrale strøk, elles vert du lett definert som noko spesielt, noko framandt, noko eksotisk, men aldri noko å ta omsyn til.

I Skandinavia er vi på toppen av velstandspyramiden og meir og meir av tida vår går til å kreere bilete av oss sjølve. I dei mest ekstreme høva vert kreeringa av eigne liv til ein jobb der eg vert sjølve merkevaren som skal promoverast i alle kanalar. Namn skal ikkje nemnast, men vi veit alle om nokon. Sprettrumpe i Dagbladet er til dømes eit utslag av dette fenomenet.

Så vert det heile heller stusseleg når vi tek inn over oss kor tomt dette strevet er.

Men å leve godt er vi ikkje åleine om. Ja i einskilde samanhengar vert vi heilt utklassa og ikke til å rekne med. Vi kjenner til utviklinga i USA der rikdomen er i ferd med å samlast på svært få hender. Då bryr ein seg ikkje om at produksjon av varer vert flytta ut av landet til så kalla lågkostland. Og ironisk nok ser det ut for at desse økonomiane er på full fart framover, samstundes som dei vert meir og meir avhengig av å selje varer til dei gamle industrilanda som no er i ferd med å miste kjøpekrafta. Bak det heile ligg  kapitalistane og ventar på at politisk nivå skal rydde unna alt som gjev utsikter til tap or vegen. Når så skjer, dukkar dei opp att og før vi får snudd oss, er ulveflokken igang med å skru opp salet av aksjar på børsane i New York, London og Tokio.

Så kva kan gjerast for å bli kvitt desse økonomiske kollapsane som kjem med reglemessige mellomrom?  Kanskje skriv eg meir om dette ein annan gong.