Viser innlegg med etiketten Al Jazeera English. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Al Jazeera English. Vis alle innlegg

søndag 8. juli 2012

Kvifor Midtausten/Why the Middle East?

Som tidlegare nemd, er eg interessert i utviklinga i Midtausten. Eg trur det som skjer der er avgjerande for kva slags verd vi får i framtida. Demokratisering av regionen byr på store utfordringar for landa sjølve, men også for vestlege land, ikkje minst USA, som har blanda seg opp i kva som går føre seg i området sidan 2. verdskrigen.  No må USA og Europa ta inn over seg at demokratisering får som konsekvens at kritikken mot oss veks.

For å få oppdateringar fylgjer eg ein del av journalistane knytta til Al Jazeera English på Twitter. Dei kjem frå Egypt, Palestina, men også frå Sør-Afrika og Storbritania. På den måten vert eg kjent med kva dei tenkjer om det som skjer. Så skjer det uventa ting som at ein av journalistane publiserer dikt... sjå Habibi

English:
As mentioned earlier, I´m interested in what happens in the Middle East. The region is, I think, crucial

søndag 1. juli 2012

Billetgalleri frå Tahrir Square.








Demonstrasjonene på Tahrirplassen våren 2011 var overveldande. Eg var så heldig at eg kunne fylgje med på utviklinga frå time til time, dag etter dag. Etter mitt syn representerer denne våren eit markant skille i moderne historie.

English:
The demonstrations on Tahrir Square, the spring 2011, was overwhelming. I was lucky to able to follow the future unfolding, hour by hour and day by day. In my view The Arab Spring represents a water shed in modern history.


Ein av journalistane var Ayman Mohyeldin frå Al Jazeera. For å fordøye alt som skjedde valte eg å lage nokre små skisser.

English:
One of the Al Jazeera journalists was Ayman Mohyeldin. To digest all that happened I chose to make some small sketches of faces from Tahrir Square

Thanks to tweets from Rawya Rageh, the Egytian Al Jazeera journalist, I have been made aware of the artist Massar Egbari. Below you find a link to one of his songs

lørdag 19. mai 2012

My Road to the Middle East


My road to the Middle East has been through Greece and Turkey even if these countries never have been part of the region in the strict sense of the word. But Turkey used to be a major power in the area and controlled Northern Africa,  and most of the Balkans. At one point they even threatened the Austrian Empire.

Detail from Hagia Sofia
Greece and Turkey have a difficult past. They used to live side by side on the coast of Asia Minor, in the islands and in the towns. After WWI the Greek and the Turkish population were interchanged between the two nations - a harrowing experience for many families.

Turkey has the same borders today as in the 1920s. In the same period there were conflicts with the Armenians and Turkey is today accused by the Armenians for genocide. (Cp. the debate in the French National Assembly)

The history of Tukey is complex and today the relation to the Kurdish minority is difficult. 

Thanks to my friends from these two countries I have learnt a lot about the region, and also developed an ardent interest for what is going on in the Middle East. Luckily I discovered Al Jazeera English  at the same time as the Arab Spring happened. Thanks to them I am able to follow what is happening in this part of the world. A news team of dedicated, intelligent, and well informed journalists.

onsdag 9. mai 2012

Forteljarane frå Al Jazeera English

Al Jazeera English har mange dyktige forteljarar og James Bays er ein av dei beste. Nett no er han i Syria og legg oppdateringar om det som hender som lenker på Twitter. Han rapporterer frå områdane der motstanden er som sterkast.

Frå Sør-Amerika har Al Jazeera fokus på områda der urbefolkninga bur. Dvs i Amazonas, grenseområda mellom Peru, Bolivia og Colombia. Det er reportasjar om utbytting og brutalitet, men også om folk som finn nye måtar å arbeide på for å verne om tradisjonelle samfunn.

I USA har dei studio i Washington med mange program kvar veke der dei tek opp sersynte amerikanske tilhøve. Alan Fisher er ein av favorittane mine, ein stødig og triveleg skotte med ei undrande tilnærming til intervjuobjekta.

Meir om dette seinare.


tirsdag 8. mai 2012

Kva eg kjem til å skrive om i denne bloggen

Oppretting av blogg sit nok langt inne, men no er det på tide å kome i gang. Dei digitale mediene har så mange moglege tilbod og løysingar at vala kjem ikkje av seg sjølv. No har eg i lang tid vore storbrukar av Al Jazeera English og Twitter og desse nettstadene har vore svært viktige for å bli meir kjent med det digitale.

Al Jazeera English:  http://www.aljazeeraenglish.com  er min favorittkanal fordi han har eit alternativt perspektiv på nyhende og rapporterer frå land og regionar som ikkje får så stor plass i heimlege kanalar og aviser. I tillegg har dei glitrande reportarar som står til truande. I denne bloggen vil eg freiste å fortlje litt frå det eg høyrer og ser på denne nettstaden.

Twitter: http://twitter.com er ein fantastisk nettstad fordi han er så tett på sann tid. Det er berre ein liten augneblink og vips er det nokon som fortel om kva som skjer der og då. Problemet er å skilje mellom skit og kanel. For å klare det må ein først bestemme seg for kva ein vil verte oppdatert på. For meg er politkk og samfunn interessant å fylgje med på. Etter kvart vil eg fylgje kunstnarar (Fine Arts). Dette har samanheng med at eg no har teke på meg leiarvervet i Sortland kunstforening.

Men på same tid som Twitter er rask og informativ kan du berre bruke 140 teikn, noko som avgrensar meir inngåande refleksjon. Då kjem bruken av "hash tags" som er teikenet "#" til nytte. Ved å sette #framfor eit ord, brukar du dette teikenet til å sanke meir informasjon om akkurat dette temaet. Nokre gonger finn du ingen ting, medan andre gonger vert du leia vidare til nye nettstader og ny informasjon. Sanneleg ei Sareptas krukke.

Latife Tekin og Tyrkia kjem eg også til å skrive om, men meir om dette i neste innlegg