Viser innlegg med etiketten Latife Tekin. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Latife Tekin. Vis alle innlegg

mandag 3. september 2012

På veg til Cunda

I går tok eg laus frå Hamar og drog via Istanbul til Izmir. Alt gjekk greitt, men var litt uroleg for at det ville bli for kort tid i Istanbul til å få visum i passet, kome seg gjennom passkontroll for så å finne terminalen for innlandet. Men alt gjekk som smurt.  I Izmir vart eg møtt av vener eg vart kjent med i fjor, og no har eg eigen leilegheit til disposisjon i eit stille strøk av byen. Det er varmt, sola skin og eg sit på verandaen som ligg i skuggen.  I morgon går ferda til Cunda og til workshop. Forfattaren i år er Mine Söğüt og eg har allreie oversett ei av novellane hennar  Kvifor eg drap meg sjølv i Istanbul  Dessutan har eg førebudd eit innlegg om korleis det var/er å omsette Kjære skamlause død av Latife Tekin til norsk. Eg gler meg storlegen til å vere med på workshop og treffe folk som er opptekne av litteratur og formidling. 

Så litt frå dagen i dag. Vi har nett komne heim frå shopping i moderne kjøpesenter i utkanten av Izmir, med Ikea, alle store motehus og kafear i fleng. Deretter middag på stamrestauranten til familien der dei har tradisjonell tyrkisk mat. Om ei stund kjem familien opp i leilegheita med Sangria. Då vert bestemor, tante og borna med. 

mandag 11. juni 2012

Latife Tekin og Knut Hamsun


Forteljarstilen til Latife Tekin vert samanlikna med den maigisk realismen nytta av latinamerikanske forfattarar. Dette avdi ho blandar draum og røyndom.  Natur så vel som bilar og vasspumper har sjel og overgangane mellom normalitet og galskap er glidande. At det er sider ved forteljarstilen til Latife Tekin som minner om Hamsun er kanskje ikkje så opplagt. Men båe skildrar livet til personar som lever på rånda av samfunnet.  Båe skildrar personar som er i intens dialog med naturen og båe let den kreative galskapen spele ei viktig rolle i forteljingane. Samstundes nyttar båe det komiske når dei skildrar personar og situasjonar. Huvat sine påfunn står ikkje attende for Hartvigsen sine og om personane er ein smule narraktige, vert vi likevel glade i dei. At Latife Tekin er ein stor forfattar går eg ut frå at alle har skjøna at eg meiner..

English: Latife Tekin´s narrative style is compared to the magic realism used by many Latin American writers. She mixes dream and reality;  nature as well as cars and water pumps have souls, and the passage from normality to madness is diffuse.  But her narrative style can be compared to  Hamsun´s as well.  Both of them describe characters living on the fringes of society,  both describe characters in intense dialogue with nature, and both let creative madness play an important part in their stories.  Both of them use dramatic irony when describing characters and situations. Huvat´s antics are not to be outwitted by Hartvigsen´s, and vice versa.  I imagine you all understand that I find Latife Tekin a great author. 

lørdag 2. juni 2012

Latife Tekin og Ohran Pamuk

Dei to mest kjente forfattarane i Tyrkia ved århundreskiftet var Orhan Pamuk og Latife Tekin. På kvar sin måte utvikla dei romanen som form og gjorde moderne tyrkisk litteratur kjent for lesarar i Europa og  Nord - Amerika. Begger er født i femtiåra, pamuk i 52 og Tekin i 57.  Skilnaden i sosial og kulturell bagrunn og det at dei var mann og kvinne, førte dei over på svært ulike  litterære vegar. Pamuk er mykje meir kjent enn Tekin, noko Nobelprisen kan vere årsaken til.  Sjøv tykkjer eg at Pamuk til tider er keisam. Det er ikkje mykje glede eller overskot i forteljinga hans om Istanbul. Perspektivet er storborgarskapet i forfall og er ikkje til å bli munter av. Latife, derimot, fortel om folk frå landsbygda som hadde posisjon i samfunnet dei kom frå, men vart brutalt proletarisert då dei flytta til storbyen. Ho vel å fortelje om denne nedturen og gaskratten sit aldri langt unna. Ho fortel om den konkrete trua på Allah, men sjølv han vert tulla med når mora til Dirmit ligg for døden i fleire rundar. Personane i Tekin sine bøker er av kjøt og blod i motsetnad til Pamuk sine som i stor grad framstår som gledelause skuggar. Tekin er meisterleg i å portrettere og greier å framstille patriarkar og kjeltringar slik at vi får godhug for dei. 


Latife Tekin budde i landsbyen Karacafenk, i provinsen Kayseri, til ho var 9 år. Då flytta familien til Istanbul, men ho nytta seinare den rike og mangslugne folketrua i landsbyen der ho vaks opp i romanane sine.


English

The two most famous Turkish writers at the turn of the century were Ohran Pamuk and Latife Tekin. They developed the scope of the novel and made  Turkish literature known in Europe and North America. Both were born in the fifties, Pamuk in 52 and Tekin in 57.  Their difference in social and cultural background, and being of opposite sexes account perhaps for their choosing different literary paths.  Pamuk is much more famous than Tekin, perhaps resulting from him being a Nobel Laureate.  Personally I find Pamuk a bit boring. There is not much fun in his Istanbul. His perspective is the decline of the upper middle class, and it´s not anywhere near being optimistic. Tekin, on the other hand, tells about people from the countryside who left a social position in the society they came from, but were brutally degraded socially when moving to the big city. She chooses to tell about this degradation and chooses laughter as a literary weapon. She describes the concrete belief in Allah, but even he is ridiculed, when the mother of Dirmit is dying, over and over again. The characters in Tekin´s novels are "real" in contrast to Pamuk´s who appear as joyless shadows.  Tekin is absolutely a magician in portraying patriarchs and villains alike in a way that endears them to us.

mandag 28. mai 2012

Latife Tekin og statistikk

Bloggen har ein funksjon som heiter statistikk. Han viser sidene som vert vitja oftast. Latife Tekin leiar så absolutt, og det er eg jo svært glad for. Så difor publiserer eg ein liten sekvens frå boka som er både dramatisk og poetisk. Hundesnøen er den første snøen som kjem om hausten i store flak og Dirmit er jenta som er sentral i denne historia:

English: The blog has a funcion that shows how many persons visit the page. Latife Tekin is absolutely the leading lady which delights me enormously. I therefore publish another small sequence from the novel that is dramatic and poetic at the same time.  The dog snow is the first snow coming, in big flakes.  Dirmit, the young girl, is a central character in the novel.  Remember, the novel is already translated into English: "Dear Shameless Death"


"Men for annakvart steg ho tok, la hundesnøen seg som eit kvitt slør framfor henne. Han stoppa henne og spurte kvifor ho ikkje var glad over at det snødde. Dirmit fortalte alt om det som hadde hendt kvelden før. 'Kom med meg,' befalte snøen og kvervla sint omkring. Så tok han Dirmit i handa og leidde henne nedover ei lang, lang gate kanta med tre. Dirmit såg ei folkemengd som heldt hendene sine høgt, og ropte medan dei marsjerte i tog. Full av undring snudde ho seg til snøen. Snøen slapp handa hennes og forklarte at ho kunne kvitte seg med uroa si ved å blande seg med folkehopen og rope det ho var god for. Til å byrje med nøla Dirmit å bli med i ei mengd som opna munnane og skaka armane i slikt raseri. Men ute av stand til å temje lysta til å rope, slutta ho seg til ei av rekkene. Då ho såg seg rundt på alle folka som ropte, slo det henne at ho kjente ingen der. Mykje seinare vart ho overraska over å sjå ein av lærarane som aldri smilte og som alltid heldt seg for seg sjølv i pausane, midt i flokken. Med eit fekk ho lyst til å springe opp til han og finne ut kor og kvifor dei marsjerte, men var redd fordi ho hadde vorte med folkemengda i staden for å gå på skulen. I staden greip ho tak i armen til ein gut på sin eigen alder som marsjerte ved sida av henne. Ho spurte han kva dei ropte og kvar dei var på veg. 'For lærarane,' var alt ho kunne oppfatte, då resten av det guten sa, vart borte i brølet frå folkehopen.

tirsdag 22. mai 2012

Translating Latife Tekin into Norwegian


And then I must confess that the big project this winter has been translating Dear Shameless Death, written by Latife Tekin, from English to Norwegian. Latife Tekin is Turkish, and I was acquainted with the author when visiting Saliha Paker in Turkey last autumn. I had three magic weeks there, the first in Istanbul, the second in Cunda and the third in Bodrum and then back to Istanbul. The two first weeks Anna from Cambridge was there too, the third week Saliha and I made up the team. In Bodrum we visited Latife Tekin who runs Gümüslük Akademis, a haven for poetry, philosophy and fine arts. Those of you who are interested in learning more about this place can visit: www.gumugslukakademisi.org/ 

Translating novels is not an activity I have indulged in as an adult. I have however written quite a lot of prose. but in Bokmaal, (the most common version of Norwegian). However, it didn´t work at all till iI suddenly realized that Latife demanded to be translated into Nynorsk, the more poetic and traditional version of Norwegian. Then she just poured over into the Norwegian language. It was a strange and magic time, seeing Latife´s universe unravel. 

Now it is time finding a publishing house and I must admit it´s not magic at all!

lørdag 19. mai 2012

Latife Tekin


My English version is not a translation of all Norwegian texts. I plan to make some translations, particularly of what I write about Latife Tekin. But again, time will show... .

Latife Tekin was born in1957 in the district  of Keyseri  south west of Ankara. Her family lived in a small village, but movet to Istanbul when Latife was just a girl. Latife has written novels and three of these are translated into English. These are: Dear Shameless Death, Tales from the Garbage Hills and Swords of Ice. Dear Shamless Death was the first novel and this was published in 1983. Today Latife is considered as one of the great writers in Turkey and her novels are even more popular than Ohran Pamuk´s, the Nobel Prize Laureate. Nothing is written about her in the Norwegian version Wikipedia, but you find some information in the English version: http://en.wikipedia.org/wiki/Latife_Tekin#Novels



In the 90s she established Gümüslük Akademisi for cultural activities. The Academy consists of a library, seminar rooms, a gallery, and an outdoor amfi theatre  In the garden there are a restaurant,  pond, and cabins for the guests. It´s a twenty minutes walk to the beach.  

onsdag 9. mai 2012

Forfattaren Latife Tekin

Latife Tekin er født i 1957 i distriktet Keyseri  sørvest for Ankara. Familien budde i ein liten landsby, men flytta til Istanbul då Latife var omlag 9 år. Latife har skrive fleire romanar og to av desse, Tales from the Garbage Hills og Swords of Ice , er også omsette til engelsk.  Dear Shamless Death var den første romanen ho skreiv og denne vart utgjeven i 1983.  I dag vert Latife rekna som ein av dei store forfattarane i Tyrkia og ho sel faktisk betre enn Ohran Pamuk, nobelprisvinnaren.



På nittitalet etablerte ho Gümüslük Akademisi og der er det støtt kulturaktivitetar.  Akademiet er sett saman av eit biliotek, seminarrom, galleri og amfi. I hagen er det restaurant og rundt hagen ligg hyttene som kursdeltakarar bur i.  Det tar ca 20 minutt å gå ned til badestranda.

tirsdag 8. mai 2012

Latife Tekin og omsetting til norsk

Så må eg fortelje om det store prosjektet denne vinteren som har vore omsetting av Dear Shamless Death, skriven av Latife Tekin, frå engelsk til norsk. Latife Tekin er tyrkisk og eg vart kjent med denne forfattaren då eg vitja Saliha Paker i Tyrkia hausten 2011. Eg hadde tre magiske veker der, den første veka i Istanbul, den andre i Cunda og den tredje i Bodrum og attende til Istandbul. Dei to første vekene var Anna frå Cambridge saman med oss og den tredje veka hadde eg Saliha som reisefylgje.  I Bodrum vitja vi Latife Tekin som driv Gumusluk Akademisi, ein stad for poesi, filosofi og kunst. Dei som har interesse av å bli nærare kjent med denne staden kan sjå på denne lenka: www.gumuslukakademisi.org/


Det å omsette litteratur er ikkje noko eg har brukt tid på i mitt vaksne liv, men eg har skrive mykje sakprosa. Men eg har alltid brukt bokmål. Då eg tok til med omsettinga av Dear Shameless Death, gjekk det ikkje på bokmål. Då eg omsider skjøna at Latife forlanga å kome over i nynorsk språkdrakt, berre rann ho over i norsken. Det var ei merkeleg og magisk tid, der Latifes univers vikla seg ut.

No er tida inne for å få ho publisert hjå eit forlag og det er ikkje så magisk må eg seie.


Kva eg kjem til å skrive om i denne bloggen

Oppretting av blogg sit nok langt inne, men no er det på tide å kome i gang. Dei digitale mediene har så mange moglege tilbod og løysingar at vala kjem ikkje av seg sjølv. No har eg i lang tid vore storbrukar av Al Jazeera English og Twitter og desse nettstadene har vore svært viktige for å bli meir kjent med det digitale.

Al Jazeera English:  http://www.aljazeeraenglish.com  er min favorittkanal fordi han har eit alternativt perspektiv på nyhende og rapporterer frå land og regionar som ikkje får så stor plass i heimlege kanalar og aviser. I tillegg har dei glitrande reportarar som står til truande. I denne bloggen vil eg freiste å fortlje litt frå det eg høyrer og ser på denne nettstaden.

Twitter: http://twitter.com er ein fantastisk nettstad fordi han er så tett på sann tid. Det er berre ein liten augneblink og vips er det nokon som fortel om kva som skjer der og då. Problemet er å skilje mellom skit og kanel. For å klare det må ein først bestemme seg for kva ein vil verte oppdatert på. For meg er politkk og samfunn interessant å fylgje med på. Etter kvart vil eg fylgje kunstnarar (Fine Arts). Dette har samanheng med at eg no har teke på meg leiarvervet i Sortland kunstforening.

Men på same tid som Twitter er rask og informativ kan du berre bruke 140 teikn, noko som avgrensar meir inngåande refleksjon. Då kjem bruken av "hash tags" som er teikenet "#" til nytte. Ved å sette #framfor eit ord, brukar du dette teikenet til å sanke meir informasjon om akkurat dette temaet. Nokre gonger finn du ingen ting, medan andre gonger vert du leia vidare til nye nettstader og ny informasjon. Sanneleg ei Sareptas krukke.

Latife Tekin og Tyrkia kjem eg også til å skrive om, men meir om dette i neste innlegg