Dei to mest kjente forfattarane i Tyrkia ved århundreskiftet var Orhan Pamuk og Latife Tekin. På kvar sin måte utvikla dei romanen som form og gjorde moderne tyrkisk litteratur kjent for lesarar i Europa og Nord - Amerika. Begger er født i femtiåra, pamuk i 52 og Tekin i 57. Skilnaden i sosial og kulturell bagrunn og det at dei var mann og kvinne, førte dei over på svært ulike litterære vegar. Pamuk er mykje meir kjent enn Tekin, noko Nobelprisen kan vere årsaken til. Sjøv tykkjer eg at Pamuk til tider er keisam. Det er ikkje mykje glede eller overskot i forteljinga hans om Istanbul. Perspektivet er storborgarskapet i forfall og er ikkje til å bli munter av. Latife, derimot, fortel om folk frå landsbygda som hadde posisjon i samfunnet dei kom frå, men vart brutalt proletarisert då dei flytta til storbyen. Ho vel å fortelje om denne nedturen og gaskratten sit aldri langt unna. Ho fortel om den konkrete trua på Allah, men sjølv han vert tulla med når mora til Dirmit ligg for døden i fleire rundar. Personane i Tekin sine bøker er av kjøt og blod i motsetnad til Pamuk sine som i stor grad framstår som gledelause skuggar. Tekin er meisterleg i å portrettere og greier å framstille patriarkar og kjeltringar slik at vi får godhug for dei.
Latife Tekin budde i landsbyen Karacafenk, i provinsen Kayseri, til ho var 9 år. Då flytta familien til Istanbul, men ho nytta seinare den rike og mangslugne folketrua i landsbyen der ho vaks opp i romanane sine.
Latife Tekin budde i landsbyen Karacafenk, i provinsen Kayseri, til ho var 9 år. Då flytta familien til Istanbul, men ho nytta seinare den rike og mangslugne folketrua i landsbyen der ho vaks opp i romanane sine.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
If content is considered offensive, it will be moderated or deleted.