torsdag 17. mai 2012

Blogging - kva er det?

Her er eg, nett heimkomen frå langferd til Trondheim. Attende via Namsos, Søma, Tosbotn og Svenningdal. Omvegen eg aldri har køyrd før og vel verdt ei reise. Når eg får summa meg. kjem eg attende til kva blogging er, fylgj med, fylgj med!

Og der var eg så nokolunde ferdigsumma.  På sjølvaste nasjonaldagen skal eg seie noko om kvifor blogging har noko for seg. Mange av oss brukar facebook og nokre twitter.  Felles for begge desse nettstadene er korte små innlegg. På facebook  heiar folk stort sett på kvarandre. Twitter er, som eg har sagt tidlegare, meir interessant.

Ein blogg kan vere meir personleg, meir spissa og kan utformast tematisk over tid. Kanskje ein meir krevjande sport enn statusoppdatering. Så får vi sjå om eg har langdistanseforma inne?

Kort sagt ei dagbok!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

If content is considered offensive, it will be moderated or deleted.