onsdag 23. mai 2012

På jakt etter forlag som vil satse på Latife Tekin

Så vonar eg at riktig mange les første kapittelet av romanen til Latife. Det er mykje i teksten det skal jobbast vidare med, men trur det er nok for å få eit inntrykk av forteljaren Latife... Dersom du likar teksten vil eg sette pris på om du kryssar av i ein av boksane på hovudsida.   Kryss av, kryss av!

Kjære skamlause død av Latife Tekin

Huvat Aktas reiste eit heilt døgn og avslutta ferda ved middagsleite ved saugjerdet nær landsbyen Alacüvek. Denne gongen hadde han ein knallblå buss med seg. Bussen hadde fått eit lag med støv på vegen, men glinsa framleis som ein spegel i den nådelause sola.

Landsbyfolket vart først heilt fælne over denne utanlandske skabelonen dei aldri før hadde sett maken til. Men nett som dei var mest forvitne og nokre bles bøner både til venstre og høgre, eller vart så fælne at dei mest gjorde i buksa, drista nokre få seg til å stryke bussen varleg over lakken. Huvat Aktas kjende ei barnleg glede over verknaden synet hadde på landsbyfolket og brydde seg slett ikkje om at dei ikkje la merke til at han sto der i røykfarga dress og filthatt. Han fekk hjelp av sjåføren til å gå laus på ei lang forklaring om bussen med alle fordelane han hadde. Han opna bagasjerommet for å vise fram innsida og løfta panseret slik at dei i tur kunne inspisere motoren. Men bortsett frå nokre få dristige sjeler, for det meste ungar, avslo dei fleste landsbybuarane å setje sin fot i bussen.

Før den tid hadde folk i Alacüvek ikkje reist noko serleg, ikke ein gong på eselryggen. Dei for berre korte turar frå landsbyen. Skulle dei til byen, som dei sjeldan drog til når sant skal seiast, måtte dei finne på mangt eit knep for å korte den lange vegen. Så snart dei kom ut or landsbyen sette dei på sprang som om ville oksar jaga dei over stokk og stein. Med ein gong dei kjende seg utslitne tok dei opp ei bør av steinar på ryggen og slepte seg i veg medan dei pusta og pesa. Deretter kasta dei steinane og kjende seg lett som ein fugl der dei tråva i full fart igjen. Så då dei såg bussen første gongen, greidde dei ikkje å late som om dei ikke var redde. Men, med ein gong dei hadde prøvd kor lettvint det var med bussen, skjøna dei kor trøyttande og fånyttes det var å gå til fots. Frå då av byrja dei å ta bussen både til markene, til vingardane og til og med til saugjerdet.


Av alle nymotens greier Huvat fram til då hadde teke med til landsbyen, var bussen utan samanlikning den beste. Den første gongen hadde han troppa opp med ein komfyr. Han meinte komfyren var ei viktig oppfinning som ville gjere det avlegs å samlast rundt tandirovnen heile vinteren. Men landsbyfolket var så lite interesserte i omnen at Huvat tente på alle pluggane. Han hadde knapt børsta støvet av skorne, før han leste dei teksten og prøvde forklare dei som sto rundt, kor velsigna ein slik ovn ville vere for dei. Etter å ha brent opp eit halvt høyloft med for, vart han så sint at han fór frå landsbyen og svor han aldri skulle sette foten sin der igjen. Men ein dag kom han min santen att med ein diger boks under armen. Boksen prata og alle i Alacüvek vart heilt forstyrra over noko slikt. Alle slutta å ete, drikke og sove. To kvinner vart så redde at dei aborterte, og meir enn halvparten av folket i landsbyen kjende seg svimne når dei sto nær radioen. Men det varte ikkje lenge før Huvat kom med noko som gjorde at dei gløymde alt om taleboksen. Denne gongen kom han med ei kvinne med blodraude kinn og melkekvit hud. Og hovudet og leggane var attpåtil udekka.

I dagesvis vart den stakkars kvinna omringa av ein flokk med kvinner og barn som aldri slutta ta på henne. Dei gnikka fjeset hennes med fliken av yashmaken som dei hadde fukta med spytt for å sjå om raudfarga var ekte og dei drog i håret og skjørtet hennes. Ho vart snart så sliten at det berre var skinn og bein att. Til slutt datt ho i dunge og svima av. Med eitt skjøna alle kvifor tre sauer hadde svulma opp og døydd, den eine etter den andre, kvifor høna, som alltid la egg med doble eggplommer, hadde slutta med det, og kvifor mora til Huvat hadde ramla ned frå treverandaen. Alt dette hadde hendt fordi den unge kvinna var forgjort av ein djinn. Først tenkte dei å kvele henne og dumpe skrotten ein eller annan plass, men dei var redde for djinnen hennes, så dei heiv ut madrassen med sengutstyret og etter mykje prat låste dei henne inne i stallen.

Den første natta i stallen drøymde kvinna at ho bøygde seg over ei jernvogge og kyssa eit sovande spebarn. Deretter gjekk ho ut gjennom ei jerndør. Frå og med den gongen, drøymde ho same draumen kvar gong ho let att augo og som tida gjekk, også når ho var vaken. Slik gjekk dagane heilt til ei snøkvit talande geit gjekk til åtak på henne. Kvinna skreik det ho var god for, men geita mumla nokre uforståelege ord og, i staden for å trekke seg attende, kasta geita seg rett på henne. Nett då kom ei lyskule ovafrå og geitskinnet vart med eitt kolsvart. Sakte bakka geita attende og vart borte. Frå den dagen passa den heilage Hizir Aleyhisselan på at kvinna aldri var åleine i stallen. Nokre gonger viste han seg som ein gamal mann med skinande fjes og snøkvitt sjegg og nokre gonger berre som ei lyskule. Nokre gonger var han berre ei røyst. Ein kveld då kvinna hadde vore i stallen nær på ni månader, kjende ho knivande rier som jog frå midja til halekvervelen. Ho vrei seg på golvet og rauta som ein kalv medan tårene strøymde frå augo. Smertekulene var så sterke at beingrinda vart sprengt open og vatnet spruta heitt frå magen. Og der, på halmen ved føtene hennes, låg eit jentebarn, omlag like stort som røyret til ei parafinlampe.

I same stunda berga Hizir Aleyhisselam spebarnet, men let Akkadin, Kvite Kvinne ordne opp for seg. Akkadin hadde venta i åresvis på å få denne dagen oppfylt. 'Hu Allah' ropa ho om vinteren ved tandiromnen og frå verandaen om sumaren. Ho kom gjennom stalldøra med ei bolle mjølk og ei lampe. Så plukka ho opp barnet, kutta navlestrengen og gnidde han inn med steinsalt. 'Måtte du få blodraude kinn, eit smilande åsyn og ein blid lagnad' messa ho medan ho prikka kinna til barnet med to blodige fingrar. Så for ho sin veg og vart aldri meir sett i denne verda.

Etter at kvinna hadde fått barnet i stallen, skjøna folk i landsbyen at kvinna hadde svima av på grunn av børa i magen og ikkje på grunn av at ho hadde vorte forgjort av djinnar eller underjordiske. Så dei flytta det nyfødte barnet og mora opp i tandirrommet. På grunn av at ho var barselkvinne, knytta dei eit raudt klede rundt hovudet hennes og hengde ei saks ved hovudgavlen. Same dagen, i ein løynd seremoni, fekk barnet namn. Dei kokte opp vatn i ein kjempediger kjele og kvinnene og borna i landsbyen kom med buntar av tørka blomer og planterøter av alle slag som dei heiv opp i det kokande vatnet. Dei uføre, dei nygifte med avlidne ektefeller og dei som ikkje kunne få barn, gjekk sin veg så snart dei hadde hive blomane sine i vatnet. Dei som var att, drakk kopp etter kopp med vatn. Så laga dei ei rekke og spytta i barnemunnen, ein etter ein. 'Må du ta etter meg!' ønska alle då dei bøyde seg over øyra til barnet. Den kvelden vart fjeset til vesle Nugber – dei kalla barnet opp etter mora til Huvat – raud som ein raudbete og brann i feber i fleire dagar.

Kort tid etter seremonien kom Huvat attende til landsbyen, denne gongen med ei vasspumpe. Landsbybuaranen ba han om å plassera pumpa framfor dei doble portstolpane ved huset hans. I byrjinga samla dei nyfikne landsbybuarane seg rundt pumpa, men etter ei stund, vørte dei ikkje henne med eit einaste blikk, nett som om det låg ein daud hund utstrekt på marka. Forakta tirra Huvat slik at han sto opp grytidleg den dagen han skulle reise og kobla pumpa til brynnen. Det forferdelege rabalderet frå pumpa vekte heile landsbyen.

Kvinna Huvat hadde tatt med seg frå byen, viste seg å vere overraskande flink. Ho lærte å bake brød i tandirovnen, klippe sauene, tørke kukaker, få lamma til å patte og sette i gang abort med hønefjær. Eristekakene hennes var fullkomne som små perler og ho vart flinkare enn alle dei andre unge jentene og kvinnene i landsbyen til å veve farger inn i teppane. Ho byrja til og med å komponera dirger i hus der nokon hadde døydd. Etter ei stund endra også talemålet seg og ho byrja prate nett som dei andre i landsbyen. Men ein ting ho aldri lærte seg var å stoppe og sleppe mannfolk forbi når ho møtte dei på vegen. I staden marsjerte ho rett fram med faste steg. Etter dottera fødde ho ein son og slo seg for alvor ned. På ein av turanen sine heim, kom Huvat med ei symaskin som løn for sonen. Så då slutta ho med vevinga og sydde mot å få egg, fett eller ei bolle med mjøl i bytte. Første gongen ho såg Huvat tykte ho ikkje noko særleg om han fordi han var så svart, men etter kvart var namnet hans alltid på leppene hennar og ho dikta türküs til han utan skam. Ho kvitra «Å Huvat! Min Huvat!» morgon som kveld.
Atiye – som namnet hennar var – fødde ein ny son, like stor som eit årslam. Og slik heldt ho fram med å føde barn, men let dei ikkje vere i fred. Landsbyungane streifa rundt utan meir enn ein skiten smekk på seg, men ho kledde ungane sine svært merkeleg. Vesle Nugber hoppa og spratt rundt i landsbysstøv og skit kledd i nylonkjolar, med sløyfe i håret og narresmokk i munnen. Gutane klatra på dei øvste greinene i valnøttrea, i dongeribukser festa med selespenne, og jaga esla med farga spinnhjul i hendene. Dei vart like forundra over landsbyspel som ballkasting mot steinhaugar, leiketurar og sprettskyting som dei vart av harde ballar, vasspistolar, ballongar, plasthundar og fløyter. I overmål fann mora deira opp noko dei kalla 'såpe' som ho skrubba og nær på flådde dei levande annankvar dag. Og så ein dag, kom det, i staden for den slanke faren, ei kjempe av ein mann og pressa noko som vart kalla «appelsin» i hendene deira. Dette vart i meste laget. Nugber heiv etter pusten ein gong og mista røysta. Halit, den eldste sonen, vart invadert av ein djinn. 'Strå, raude og grøne strå, kvinner med oppsvulma mager!' skreik han medan han trampa rundt omkring på jordgolvet. Seyit, den yngste, vart aldri den same frå den dagen. Han byrja glefse som ein hund etter alle som kom nær han.

I lang tid visste ikkje folk i Alacüvek kva dei skulle tru om alle historiane Huvat fortalde om tinga han hadde med seg og let bli verande i landsbyen. Til slutt var dei heilt visse på at han hadde fanga Kepse. 'Høyr no, fortelj oss no korleis du fekk tak i kragen til djinnen' ba dei medan dei strauk ryggen hans. Djinnen Kepse er usynleg i byrjinga, men oppstår seinare som ein feber, etterfylgd av svetting og skjelving. Til slutt bankar han på bringa di og sit der som ein svart ball, uten hender og føter, men med augo som liknar linser. Dersom du, nettopp i denne stunda, var snar nok til å slenge ut armen og fange Kebse, vart han i denne stund din trufaste tenar. Men dersom du feila og han slapp unna, vil du aldri få ein slik sjanse att.
'Eg sver at dersom eg hadde fanga Kepse, ville eg ha ført alle plassene eg har sett i mi tid, rett til landsbyen!' hevda Huvat kvar gong landsbybuarane nemnde Kespe. 'Måtte eg verte blinda for resten av mi levetid dersom eg kunne fange Kepse eller noko liknande!' svor han gong etter gong. Men ein dag sa han verkeleg, 'Dersom de trur at eg har lura dykk, må de gjerne kome med meg, så skal de få sjå.' Alle unggutane som hang rundt i landsbyen og kasta stein på valnøttrea, fylgde han. Og slik hadde det seg at meir enn halvparten av folket i Alacüvek kom til å sette føtene sine på byjord. Nokre byrja som varmeanleggsmontørar, nokre vart husmålarar og nokre byrja som murarar. Ingen av dei kom attende utanom Huvat.
Etter ei stund fekk bussen, med den skingrande fløyta og den blankpussa lakken som spegla av den turre sletta med ville pærer, hennafarga klipper og kratt med ønsketeppe, samabrot, og vart som ei skabbut lausbikkje som hinka seg framover med ein øydelagt labb. Han kunne ikkje lenger kome seg opp ein bakke utan å stoppe for å puste. Til og med på flatmark byrja motoren å koke og sjølve reisverket til bussen fall saman. Frå tid til anna datt speglar, vindusviskarar og dørhandtak av bussen. Til slutt gav sjåføren opp og let buss vere buss. Slik endte bussen sine dagar, skola opp mot hagegjerdet i fredfull ro.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

If content is considered offensive, it will be moderated or deleted.