tirsdag 8. mai 2012

Kva eg kjem til å skrive om i denne bloggen

Oppretting av blogg sit nok langt inne, men no er det på tide å kome i gang. Dei digitale mediene har så mange moglege tilbod og løysingar at vala kjem ikkje av seg sjølv. No har eg i lang tid vore storbrukar av Al Jazeera English og Twitter og desse nettstadene har vore svært viktige for å bli meir kjent med det digitale.

Al Jazeera English:  http://www.aljazeeraenglish.com  er min favorittkanal fordi han har eit alternativt perspektiv på nyhende og rapporterer frå land og regionar som ikkje får så stor plass i heimlege kanalar og aviser. I tillegg har dei glitrande reportarar som står til truande. I denne bloggen vil eg freiste å fortlje litt frå det eg høyrer og ser på denne nettstaden.

Twitter: http://twitter.com er ein fantastisk nettstad fordi han er så tett på sann tid. Det er berre ein liten augneblink og vips er det nokon som fortel om kva som skjer der og då. Problemet er å skilje mellom skit og kanel. For å klare det må ein først bestemme seg for kva ein vil verte oppdatert på. For meg er politkk og samfunn interessant å fylgje med på. Etter kvart vil eg fylgje kunstnarar (Fine Arts). Dette har samanheng med at eg no har teke på meg leiarvervet i Sortland kunstforening.

Men på same tid som Twitter er rask og informativ kan du berre bruke 140 teikn, noko som avgrensar meir inngåande refleksjon. Då kjem bruken av "hash tags" som er teikenet "#" til nytte. Ved å sette #framfor eit ord, brukar du dette teikenet til å sanke meir informasjon om akkurat dette temaet. Nokre gonger finn du ingen ting, medan andre gonger vert du leia vidare til nye nettstader og ny informasjon. Sanneleg ei Sareptas krukke.

Latife Tekin og Tyrkia kjem eg også til å skrive om, men meir om dette i neste innlegg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

If content is considered offensive, it will be moderated or deleted.