mandag 3. september 2012

På veg til Cunda

I går tok eg laus frå Hamar og drog via Istanbul til Izmir. Alt gjekk greitt, men var litt uroleg for at det ville bli for kort tid i Istanbul til å få visum i passet, kome seg gjennom passkontroll for så å finne terminalen for innlandet. Men alt gjekk som smurt.  I Izmir vart eg møtt av vener eg vart kjent med i fjor, og no har eg eigen leilegheit til disposisjon i eit stille strøk av byen. Det er varmt, sola skin og eg sit på verandaen som ligg i skuggen.  I morgon går ferda til Cunda og til workshop. Forfattaren i år er Mine Söğüt og eg har allreie oversett ei av novellane hennar  Kvifor eg drap meg sjølv i Istanbul  Dessutan har eg førebudd eit innlegg om korleis det var/er å omsette Kjære skamlause død av Latife Tekin til norsk. Eg gler meg storlegen til å vere med på workshop og treffe folk som er opptekne av litteratur og formidling. 

Så litt frå dagen i dag. Vi har nett komne heim frå shopping i moderne kjøpesenter i utkanten av Izmir, med Ikea, alle store motehus og kafear i fleng. Deretter middag på stamrestauranten til familien der dei har tradisjonell tyrkisk mat. Om ei stund kjem familien opp i leilegheita med Sangria. Då vert bestemor, tante og borna med. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

If content is considered offensive, it will be moderated or deleted.