tirsdag 16. oktober 2012

Saabyes bibliotek


Ein liten middagsrapport frå Saabyes bibliotek
Eg har tidlegare sagt at eg skulle skrive om maten vi fekk servert på 70-årsdagen.  Men, det har vore travelt i det siste, så betre seint...

Grunnen er at eg gjerne vil fortelje om desse utruleg flinke kokkane dei har på Sortland hotell.  Det er heller uvanleg å få servert heile 4 rettar med utsøkt mat som i tillegg er vakkert og delikat anretta på fata. Eg kan difor tilrå folk som ynskjer å ete ute, om å legge turen innom Saabyes bibliotek på Sortland.

Saabyes bibliotek har fått namnet sitt frå forfattaren Lars Saabye Christensen. Namnet er det sus over - ein ser for seg rettar som Gratinerte snegler, Jubelskinke, Himmelsk blykake, Jokerens siste sukkerbrød,  Slukhalsens favoritt, osv. Heilt visst er det at  forventningane til det ein skal få servert, er høge.

Sjølve serveringsstaden er ei blanding av bibliotek, pub og restaurant, med hovudet til forfattaren, om ikkje på fat, så på sokkel, tronande, midt i rommet. Er ikkje heilt sikker på om forfattaraen kjenner seg heilt vel der,  men ein kan jo skåle for han om ein er i eit litterært sinnelag.

Maten skulle vere kortreist.  Menyen vart komponert med god hjelp av kokken, Truls Bang.  Og menyen såg slik ut:

Aperitif
Ishavsrøye frå Sigerfjord
Nytrekt kveite frå Yttersia med rotgrønnsaker, eplesaus og potetpuré
Ytrefilet av Vesterålslam frå Skagen gård, sauterte grønsaker med mild rosmarinvinsaus og fløtepotetar
Rabarbrasuppe med bringebærsorbet - rabarbra frå Jennestad

Til forrett og mellomrett fekk vi Chablis og til hovudretten fekk vi Valpolicella Ripasso.

Middagen var velkomponert, velsmakande og ein fryd å ete.  Stor takk til kokk Truls Bang og til alle dei andre som laga eit slikt festmåltid!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

If content is considered offensive, it will be moderated or deleted.