onsdag 9. mai 2012

Forteljarane frå Al Jazeera English

Al Jazeera English har mange dyktige forteljarar og James Bays er ein av dei beste. Nett no er han i Syria og legg oppdateringar om det som hender som lenker på Twitter. Han rapporterer frå områdane der motstanden er som sterkast.

Frå Sør-Amerika har Al Jazeera fokus på områda der urbefolkninga bur. Dvs i Amazonas, grenseområda mellom Peru, Bolivia og Colombia. Det er reportasjar om utbytting og brutalitet, men også om folk som finn nye måtar å arbeide på for å verne om tradisjonelle samfunn.

I USA har dei studio i Washington med mange program kvar veke der dei tek opp sersynte amerikanske tilhøve. Alan Fisher er ein av favorittane mine, ein stødig og triveleg skotte med ei undrande tilnærming til intervjuobjekta.

Meir om dette seinare.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

If content is considered offensive, it will be moderated or deleted.