søndag 20. mai 2012

Kvardagstankar om økonomi og slikt

Verda i dag er langt frå enkel og arbeidet med å forstå kva som går føre seg, er heller ikkje lett. Det som er tydeleg er at sosial klasse og pengar er grunnlaget for politisk og militær makt i mange delar av verda. Sjølv i vår vesle andedam ser det ut for at posisjon i samfunnet går i arv og du arvar mest, både av sosial og økonomisk kapital dersom du bur i Oslo. Har du noko å fare med må du gjerne vere frå meir eksotiske delar av landet. Men då må du helst slå deg ned i sentrale strøk, elles vert du lett definert som noko spesielt, noko framandt, noko eksotisk, men aldri noko å ta omsyn til.

I Skandinavia er vi på toppen av velstandspyramiden og meir og meir av tida vår går til å kreere bilete av oss sjølve. I dei mest ekstreme høva vert kreeringa av eigne liv til ein jobb der eg vert sjølve merkevaren som skal promoverast i alle kanalar. Namn skal ikkje nemnast, men vi veit alle om nokon. Sprettrumpe i Dagbladet er til dømes eit utslag av dette fenomenet.

Så vert det heile heller stusseleg når vi tek inn over oss kor tomt dette strevet er.

Men å leve godt er vi ikkje åleine om. Ja i einskilde samanhengar vert vi heilt utklassa og ikke til å rekne med. Vi kjenner til utviklinga i USA der rikdomen er i ferd med å samlast på svært få hender. Då bryr ein seg ikkje om at produksjon av varer vert flytta ut av landet til så kalla lågkostland. Og ironisk nok ser det ut for at desse økonomiane er på full fart framover, samstundes som dei vert meir og meir avhengig av å selje varer til dei gamle industrilanda som no er i ferd med å miste kjøpekrafta. Bak det heile ligg  kapitalistane og ventar på at politisk nivå skal rydde unna alt som gjev utsikter til tap or vegen. Når så skjer, dukkar dei opp att og før vi får snudd oss, er ulveflokken igang med å skru opp salet av aksjar på børsane i New York, London og Tokio.

Så kva kan gjerast for å bli kvitt desse økonomiske kollapsane som kjem med reglemessige mellomrom?  Kanskje skriv eg meir om dette ein annan gong.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

If content is considered offensive, it will be moderated or deleted.