onsdag 13. juni 2012

Det er litt skummelt...

Det er litt skummelt å pakke kofferten, sette seg i bilen, køyre av garde til ein stad i Midt - Noreg som  eg bodde på for 50 år sidan som gymnasiast. Der skal eg treffe om lag havparten av dei eg tok artium saman med.  Til saman var vi 81 elevar som gjekk ut det året. Nokre av flokken har gått bort, men dei fleste er framleis i live, mashallah, som dei seier i andre delar av verda. Køyreturen går gjennom heile Nordland, det er ei lang reise som gjev rom til refleksjon over tida vi hadde saman i Steinkjer. Tenkjer det er mange tankar som kjem til å flyge gjennom hovudet. ...
Livet som gymnasiast og hybelbuar hadde sine sider. No og då tenkjer eg på Shakespeare´s bilete av skuleeleven i Seven Ages of Man, som slepar seg motviljug til skulen.

"Then, the whining schoolboy with his satchel
And shining morning face, creeping like snail
Unwillingly to school. ..."

Hybellivet var eg van med etter to år på realskulen på Nesna, men 1. året på gymnaset fekk eg akutt skulevegring og var mykje borte frå skulen. Kanskje kom det av at alle som gjekk der var så flinke og eg visste ikkje heilt om eg passa inn. I alle fall var tida på Steinkjer formande på så mange vis.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

If content is considered offensive, it will be moderated or deleted.