søndag 5. mai 2013

Kritisk blikk på Israel

Bladet Vesterålen har jamnleg innlegg som forsvarar Israel. I kjent stil snakkast det ikkje om årsaken til ufreden mellom palestinarane og jødane. I staden handlar innlegga om kor misforstått Israel sine motiv og handlingar vert oppfatta. Dermed vert diskusjonen ført på premissane til Netanyahu og det undertrykkande regimet Israel i dag står for. Det er ein diskusjon som systematisk vender seg bort frå dei faktiske handlingane staten Israel utsetter palestinarane for. Innlegga går god for eit regime som i dag gjennomfører okkupasjon og undertrykking av eit heilt folk. Nobelprisvinnaren og biskop, Desmond Tutu frå Sør-Afrika, legg ikkje handa mellom og karakteriserer regimet i Isarel som verre enn det som eksisterte under Apartheidregimet i Sør-Afrika. Det skulle vere nok å vise til muren Israel har bygd midt gjennom palestinsk område. Likeins viser FN, i rapport av i år, til dokumenterte brot på menneskerettane av staten Israel. Dei er ikkje få. Då nyttar det ikkje å teikne eit glansbilde av Israel som ikkje har rot i røyndomen.


Den politiske kommentatoren i avisa Haaretz, Avi Shavit (israelar), skriv om "The Palestinian Elephant" om det han meiner er Israels problem i dag (Haaretz 02.05.2013): Han brukar det språklege bildet "there is an elephant in the room" som nyttast på engelsk når noko er for trugande til å snakke høgt om. Han hevdar at Israel ter seg som om at palestinarane ikkje finst. Det er ingen offentleg debatt i Israel i dag om korleis ein skal kome i gang med fredsprosessane og løyse konflikten med Palestina. Han meiner at Camp Davidavtalen og Osloavtalen er ein fiasko og at alt dette vert kosta under teppet. Han er forferda over at dei israelske veljarane ikkje forlangar at dei som er politisk valte, tek tak i problema. Han åtvarar lesarane om at ei slik atferd vil føre til ulukke både for Israel og palestinarane.

Ei anna kritisk røyst er Miko Peled. Han har nett skrive "The General´s Son." Han er son til general Matti Peled som var med på fridomskrigen i 48 og ein av heltane frå krigen i 1967. Matti Peled freista, etter han slutta som general, å få til forsoning med palestinarane og deltok i møtar, mellom anna med Yassar Arrafat. Det ligg foredrag han heldt i USA i 1992 på YouTube. (http://www.youtube.com/watch?v=0Xbh9hhskzg) Borna hans er alle fredsaktivistar. Boka Miko Peled har skrive, vil eg gjerne kome attende til i eit seinare innlegg.

Til og med tidlegare sjefar i den israelske sikkerheitstenesta meiner den politikken som førast i dag av Nethanyahu si regjering, ikkje er berekraftig. Eg viser til den oskarnominerte dokumentaren, "The Gatekeepers".

Det å vere ven av Israel er det mange av oss som er, men det kan likevel ikkje vere slik at ein skal sjå bort frå kva staten Israel fakstisk gjer. Det same gjeld for palestinarane. Men konflikten kan korkje forståast eller løysast utan at ein a) tek tak i historiske samanhengar i dette århundret og b) går inn i fredsforhandlingar der begge partar er likeverdige.

Sortland 2. mai 2013
Venke Vik

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

If content is considered offensive, it will be moderated or deleted.