onsdag 1. mai 2013

SE KUNST I NORD-NORGE ÅRSMØTE OG FAGDAGAR



No har eg min santen vore på årsmøte og seminar.  Og eg som trudde eg var ferdig med det livet.  Men den gong ei.  SE KUNST I NORD-NORGE fekk med til Svolvær der årsmøtet vart avvikla effektivt og elegant under leiing av Harold Hansen.  Deretter bar det til Nordnorsk Kunstnersenter ved torget i Svolvær der vi både fekk åndeleg og kjødeleg føde. Stor takk til dei som sto for dette.  Og dessutan - ta turen innom kunstsenteret neste gong du kjem til Svolvær - det er vel anvendt tid.

I det som står under, har eg freista å seie noko om kva eg fekk ut av fagdagen på laurdag.  Eg ber om orsaking dersom dette vert ei heilt feil framstilling.

Fagdagen på laurdag var heftig med temaet: KONSEPTUELL KUNST.  Olga Schmedling åpna ballet med ein historisk gjennomgang av retninga og forankra denne i byrjinga av forrige århundre  m.a. i dadaismen.  Eit viktig trekk ved konseptkunst er avmaterialiseringa.  Kunstverket er ikkje alltid eit fysisk objekt i tradisjonell forstand, men kan vere eit fotografi av eit objekt som igjen dannar grunnlaget for ein kommentar.  Konsptkunst er med andre ord ei form som i mange tilfelle tek opp i seg fleire sjangrar, t.d. litteratur, film/video, dans osb. Konseptkunsten er mangfoldig, tvetydig og bryt grensar.  Som publikum vert vi inviterte til å reagere på kunstverket.  Dermed vert grensane mellom kunstverket og sjåaren viska ut.


Invild Krogvik snakka om korleis konseptkunsten vaks fram på 1970-talet og konsentrerte seg om kunstnarane Bård Breivik, Gerhad Stoltz, Marianne Heske, Viggo Andersen og Gerd Tinglum. Mange hevdar at det ikkje eksisterte konseptkunst på 70- talet, men Krogvik tok fram billedeksempel på at så ikkje var tilfelle og begrunna kvifor.  Det som vart laga ligg i grenselandet mellom det nasjonale og det internasjonale. Kunsten på 70-talet i Noreg var sterkt politisert og mange hevda at kunsten ikkje hadde nokon verdi dersom bodskapet ikkje var politisk.  Konseptkunsten hadde difor magre kår den første tida.  Kunstnarar som valte denne uttrykksforma fekk dårlege kritikkar og mange opplevde dette som slitsamt.

Øystein Ustvedt tok opp konseptkunstens revitalisering frå ca 1990 og tok utgangspunkt i begrepa: kunst, kontekst og institusjon.


Det sentrale i konseptkunsten er sjølve handlinga, kunsten er sjølve valet av objekt og plasseringa av dette i ein ny sammenheng.

Det kunstestetiske diskusjonen var tradisjonelt sett om eit verk var godt eller dårleg, men i ein konseptuell samanheng vert ein slik diskusjon meiningslaus. Diskusjonen om samtidskunst må vere ein heilt annan. Konseptkunsten er ikkje lenger knytta til sjølve objektet, men til kommentarar, tekstar, staden.  Konseptkunst vert ofte definert til noko han ikke er.

Monica Winther ga oss praktisk innføring av korleis ho arbeider med konseptkunst.  Gjennom instruktive eksempel fekk ho oss til å skjøne at for henne var tradisjonell estetikk ikkje interssant i det heile teke.  Med utgangspunkt i det heslege og groteske skaper ho eit eige univers som er fråstøytande og smerteleg. Tidsdimensjonen i performanceformen er krevande avdi det ho spelar ut tek lang tid. Gjennom presentasjonen får ho folk til å trekke seg attende eller distansere ved å formidle uro og angst.

Helga-Marie Nordby gjekk gjennom utviklinga av LIAF Lofoten International Art Festival. Something in the way.


Liaf var i mange år den eineste internasjonale kunstfestivale i Norge i flere år med oppstart i 1999.


LIAF en festival for samtidskunst hvert 2. år.  Åpen, eksperimentell presentasjon av
idebasert kunst.  Liaf er ein kuratert festival. Tek utgangspunkt i eit tema og knyttar dette opp mot ein spesifikk stad. Temaet for festivalen i 2010 var: "Invasjon av Cuba" (Cuba er ein del av Svinøya i Svolvær der dei tørkar fisk)

Gjennom presentasjon av bildar viste ho kva som hadde vorte presentert det året. Presentasjonen tok også opp kva som ligg i kuratering av utstillingar.  Kurratorrolla knytta til konseptuell kunst/samtidskunst kom tydeleg fram.  Dette kan i seg sjølv gjere kunsten meir utilgjengeleg.

Sundag var det ekskursjon.  meir om det i nest innlegg


****************************************************************************** ALT I ALT STRÅLANDE DAGAR.  STOR TAKK TIL ALLE! GJENNOMGANGEN GJER AT EG IKKJE LENGER  ER SÅ ENGSTELEG FOR DET KONSEPTUELLE!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

If content is considered offensive, it will be moderated or deleted.